Dei siste vekene har debatten rasa om serven skal vere lovleg eller ikkje. Det er omtlag ein månad sidan han vart vist fram for første gong.
Noregs beste badmintonspelarar, Vegard Rikheim og Torjus Flåtten, var i hallen då serven vart vist for første gong.
– Folk vart blåse av banen. Det er noko av det sjukaste eg har sett på ein badmintonbane, fortel Vegard Rikheim.
– Då eg først såg han, trudde eg det var tull, seier Torjus Flåtten.
Sidan den gongen har han brukt fleire timar på å perfeksjonere serven.
«Knipsar» ballen
I ein «vanleg» serve held du ballen i fjørene før du slår.
Når du slår den «nye» serven knipsar du ballen like før du slår han. Resultatet er ein ball som flakkar frå side til side og som er svært vanskeleg å returnere.
Nokon meiner det er umogleg.
– Det tek all merksemda akkurat no. Folk debatterer når det blir forbode og om det blir forbode i det heile. Mange meiner at dette ikkje skal gå ut over han som fann opp serven, fortel Rikheim.
– Øydelegg sporten
Hjernen bak er danske Marcus Rindshøj. Då han viste han fram for første gong, leia han plutseleg 8–0 over det som skulle vore ein langt betre motstandar. I eit intervju med DR fortel han kvifor han er så omdiskutert.
– Ballen roterer så mange vegar at motstandaren aldri veit når han peikar rett veg. Det gjer den utruleg vanskeleg å returnere, seier Rindshøj til kanalen.
Midlertidig forboden
Fredag vart serven midlertidig forboden.
Det internasjonale forbundet stadfestar i ei fråsegn at den nye serven blir forboden omgåande fram til den neste badmintonkongressen i Kuala Lumpur 29. mai 2023. Der skal saka opp til behandling og eit permanent vedtak fattast.
Dermed er serven forboden i det kommande lag-VM-et, som blir frå spelt 14. til 21. mai.
Flåtten har sjølv øvd i fleire timar, og har sjølv sett kor effektiv serven er. Kvar dag blir det terpa på å bli endå betre.
– Han hadde ikkje sjanse, seier Flåtten.
Flåtten har ikkje noe imot at den eventuelt blir permanent forboden.
– Eg er samd, det er greitt. Den er litt med på å øydeleggje for badminton. Vi får ikkje mange ballvekslingar, og det blir ikkje så publikumsvennleg.
Usamd landslagstrenar
Noregs landslagstrenar, Peter Kapetz, er usamd.
– Badminton er ein sport der ein må ta omsyn til kva motstandaren gjer. Det er oppgåva vår å finne ein måte å løyse det på.
Først vart landslagssjefen skuffa over at ikkje han sjølv kom med nyvinninga. Han meiner det er for simpelt å forby serven fordi han er vanskeleg å returnere.
– Her er det nokon som har tenkt lurt, så må vi finne eit godt svar på det. Det er ein del av idretten.
– Er du overraska over effekten?
– Det må eg seie. At det har så stor effekt, det trudde eg ikkje på førehand eller då eg såg det første gong.