Inzell 15. oktober 2015: Håvard Holmefjord Lorentzen fell på trening i Inzell. I fallet får han eit ekstremt stygt kutt i leggen av egga på si eiga skøyte.
Bileta av beinet hans ser forferdelege ut. Sesongen er spolert, og det er høgst usikkert om han nokosinne kjem til å få beinet til å fungere skikkeleg igjen. Karrieren kan vere over.
– Tvilte du nokon gong på at du skulle kome tilbake?
– Då eg såg foten berre nokre dagar etter hudtransplantasjonen, var eg nok i tvil. Men eg har teke steg for steg, og det har gått veldig greitt, seier Lorentzen.
Harbin 12. november 2016: Beinet har lega seg over all forventning. Fana-løparen har hatt ein god treningsperiode på forsesongen.
Og i sesongopninga i verdscupen i den kinesiske byen er han berre nokre få hundredelar frå sin første pallplass på sin favorittdistanse 1000 meter.
– Eg håpar eg greier å krabbe opp på pallen i løpet av vinteren, seier Lorentzen til NRK.
Møter sjølvaste Kulizjnikov
Neste sjanse kjem denne helga. Verdscupen held fram i japanske Nagano, der 1000-meteren går laurdag. Der skal han møte Pavel Kulizjnikov, russaren som er regjerande sprint-verdsmeister og har verdas nest beste tid på distansen. Og som i fjor blei førstemann under 34 sekund på 500 meter.
– Det hadde vore utruleg moro å slå han i samløp og kome på pallen, seier Håvard, som også skal gå 500 og 1500 meter i Japan.
Det gjekk trass alt bra med 24-åringen frå Fana etter skrekkskaden i Inzell. Han brukte litt tid på å kome på isen igjen, men rakk nokre startar i verdscupen mot slutten av førre sesong.
Betre med ny trenar
– Den første tida etter at eg kom meg på beina igjen, var ikkje forma heilt som han skulle vere. Men eg har brukt våren og sommaren godt og trena mykje, samstundes som eg har halde meg frisk. Det har gitt gode resultat, seier Lorentzen, som også gir ein annan grunn til at han er blitt endå betre no:
– At vi har fått inn Jeremy Wotherspoon som trenar. Vi har terpa på akselrasjon og maksfart, og det har hjelpt meg veldig mykje. Eg må bli betre i akselrasjonfasen på dei første 50 metrane for å bli endå betre på 500 og 1000 meter. Får eg det til, kan eg hevde meg i toppen på begge distansane, seier Håvard Holmefjord Lorentzen.