– Det såg jo heilt forferdeleg ut. Eg frykta med ein gong at heile sesongen skulle ryke.
Håvard Holmefjord Lorentzen var nesten ferdig med ein av sine siste treningsdagar i sesongoppkøyringa. Skøytetalentet med tre gull frå junior-VM har hatt ei god oppkøyring og hadde sett seg mål om å ta sin fyrste pallplass i verdscupen til vinteren.
Men så glapp skøyta på isen i Inzell.
TALENT: Håvard Holmefjord Lorentzen har lenge vore ein våre mest talentfulle skøyteløparar. I 2012 blei han juniorverdsmeister og har nærma seg verdstoppen dei siste åra.
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixHåpar å trene om ein månad
– Me hadde ein treningsøkt der me går litt raske rundar. Når eg går inn i svingen og setter ned venstreskøyta har eg all tyngda og vekta på den, plutseleg berre glipper skøyta under meg.
– Eg får ei veldig dum retning inn mot putene og klarer ikkje å få snudd meg rundt og ta beina opp i veret. Da treffer eg inn med skøytene fyrst og det neste eg ser er at eg har eit vanvittig kutt på høgrefoten, fortel Lorentzen.
DJUPT KUTT: Synet som møtte Håvard Holmefjord Lorentzen etter fallet var ikkje pent.
Foto: PrivatDei fyrste tankane om at sesongen var over ser heldigvis ikkje ut til å stemme. Bergensaren kan vere tilbake i trening alt om ein månads tid.
– Heldigvis var det ingen sener som var skore over. Forhåpentlegvis kan eg begynne å trene lett om ein månads tid. Eg må berre ta tida til hjelp, men eg må nok sette meg nye mål for vinteren nå, seier Lorentzen.
– Forferdeleg syn
Nå ligger 23-åringen på sjukehus i Traunstein 20 minutt unna skøytebyen Inzell. Der vil han vere over helga for å få behandling for det forferdelege kuttet i høgreleggen.
– Skøyta starta langt oppå leggen og skar nesten som ein ostehøvel nedover leggen og laga ein 15 centimeter lang flenge. Det var ikkje eit fint syn å sjå der eg låg på isen, fortel han.