- Saka fortsett under Tweeten.
Situasjonen der Froome slår til tilskodaren skjedde nokre små minutt før han sette inn det avgjerande rykket på dagens etappe. Tilskodaren gjorde som mange andre gjer i sykkelritt – han sprang på sida av syklistane medan han hoppa og ropte. Froome likte dårleg at tilskodaren kom så tett på, og svarte med å slå til han.
– Kamera viser ikkje at flagget hans nesten går inn i framhjulet mitt og over styret, før eg slår til han, melder Froome på sin offisielle Facebook-side. Han liker dårleg hetsen han tek imot på sosiale medium.
SISTE: Tour de France-arrangøren har gitt Froome ei bot på 200 sveitser franc (1700 kroner) for slaget.
Planla ikkje rykket
Chris Froome er den store favoritten til å vinna årets Tour de France, og på den første skikkelege testen i fjella knuste han konkurrentane – nedover det siste fjellet.
Han rykka over toppen, og køyrde som aldri før nedover mot mål.
– Det var ikkje planlagt. Eg gjorde det mest på gøy, men det funka. Laget gjorde ein fantastisk jobb for meg i dag, og eg følte eg måtte betale det tilbake med ein etappesiger, seier Froome til arrangøren etter etappen.
I mål var han 13 sekund framfor gruppa med dei andre samanlagtfavorittane, med Nairo Quintana, Joaqim Rodriquez og Fabio Aru. I samandraget har han no 23 sekund på Quintana, som er rekna som hans tøffaste konkurrent.
Den store taparen var Alberto Contador, som tapte over halvanna minutt til Froome.
Total britisk dominans
Inkludert Froomes siger i dag, har fem av dei første åtte etappane blitt vunne av ein britisk ryttar. Mark Cavendish har tre, Stephen Cummings og Froome har kvar sin.
I tillegg leiar Froome samanlagt, Adam Yates har den kvite ungdomstrøya og Mark Cavendish har den grøne poengtrøya.
Over og ut for Mørkøv
Danske Michael Mørkøv, som syklar på laget til Alexander Kristoff, vart den første som måtte bryte årets Tour. Etter velten på den første etappen har han slite med store smerter i låret gjennom etappane, og på dagens beinharde fjelletappe var det slutt for dansken.
At Mørkøv bryt som førstemann på åttande etappe gjer han historisk. Aldri før i Tour-historia har alle ryttarane stilt til start på den åttande etappen.
Slik var etappen
Den første timen gjekk i over 50 km/t i snittfart då fleire lag var ute etter å sikra seg plass i dagens utbrytargruppe, men først etter seks mil etablerte det seg ei gruppe på 13 mann.
På veg opp det første fjellet vart dei redusert til tre mann, med Tony Martin, Rafael Majka og Thibaut Pinot. Dei vart henta inn på den nest siste stigninga, og det vart ein kamp mellom dei store samanlagtfavorittane, der fleire rykka på kvarandre i den siste stigninga.
Dagens etappen strekte seg over 184 kilometer, frå Pau til Bagnères-de-Luchon. På vegen måtte ryttarane over fire fjell, der det starta med den utanomkategoriserte stigninga Col du Tourmalet – 19 kilometer lang, med 7,4 prosent stigning.
Så venta andrekategorien Hourquette D'Ancizan før det avslutta med førstekategoriane Col de Val Louron-Azet og Col de Peyresourde. Etter toppen av den siste stigninga gjekk det nedover i ei knapp mil mot målgang i Bagnères-de-Luchon.