Hopp til innhold

Frontar både bensinstasjonskjede og klimakampanje – krev at avtalen blir sagd opp

Samtidig som Noregs Skiskyttarforbund har lansert sin eigen klimakampanje, er dei frontfigurar for bensinstasjonskjeda YX. Greenpeace meiner dei må seie opp avtalen omgåande.

Johannes Thingnes Bø er sponset av YX samtidig som han fronter Skiskytterforbundets Snøkrystall-kampanje

RETT VED: Berre nokre få centimeter nedanfor Snøkrystall-logoen er logoen til sponsoren YX.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

– At fossile selskap sponsar norsk skiidrett er som at tobakksindustrien sponsar kreftforeininga, seier leiar i Greenpeace Noreg, Frode Pleym.

Han er krystallklar og krev endring.

– Det er like ille, og det vil vi at skiidretten skal ta ansvar for gjennom å kaste ut desse sponsorane, følgjer han opp.

Leder i Greenpeace Norge, Frode Pleym.

TA ANSVAR: Pleym meiner skiskyttarforbundet må ta ansvar og seie opp avtalen med YX.

Foto: Anne Rognerud / NRK

I januar lanserte Noregs Skiskyttarforbund (NSSF) klimakampanjen Snøkrystall for å markere at de er «utålmodige etter klimatiltak» og for å oppfordre politikerne til å «raska på». Som NRK omtalte tidlegare denne veka er ein av få bevis på kampanjen ein logo på jakkene til forbundet.

Like under, på brystet, er logoen til ein av dei største sponsorane til forbundet, YX.

Det meiner miljøorganisasjonane Greenpeace og Natur og ungdom er problematisk.

Eg synest ikkje vinteridretten skal sponsast av fossilgigantane. Dette stiller dei i ein umogleg spagat der dei er med på å legitimere nye store utslepp og ei fossilnæring som vi veit er den viktigaste bensinen på klimabålet, seier leiar i Natur og ungdom, Gina Gylver.

– Fossile selskap, som YX, bidreg til at snøen smeltar og det truar eksistensen til skiidretten og skikulturen i Noreg, følgjer Pleym opp.

Fosen-dommen

KRITISK: Gina Gylver i Natur og ungdom meiner NSSF hamnar i ein umogleg spagat.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Bør avslutte avtalen

Dei er begge samde om at skiskyttarforbundet må seie opp sponsoravtalen med YX viss dei meiner alvor med klima- og miljøengasjementet sitt.

Dei bør ta ein seriøs debatt internt og avslutte den sponsoravtalen når han går ut, og dermed gå føre og vise at tida er forbi for nye store fossilprosjekt, meiner Gylver.

Men det er ikkje aktuelt ifølgje generalsekretær i skiskyttarforbundet, Morten Aa. Djupvik:

– Vi synest det er veldig tydeleg at YX tek dette her på alvor på akkurat same måte som vi gjer. Eg trur meir på å løyse ting i fellesskap framfor å skulle kutte, så det er ikkje noko tema for vår del no, seier Djupvik.

Han er i staden open for å forlengje sponsoravtalen.

VM i skiskyting 2017. Stafett menn

VIL FORLENGJE: Morten Aa. Djupvik er open for å forlengje YX-avtalen.

Foto: Berit Roald / NTB

– Det kan absolutt vere aktuelt, og det er ein dialog som vi må ha. Eg trur at for alle samarbeidspartnarane våre så skjer det veldig mykje på berekraftssida framover, seier Djupvik og held fram:

– Eg trur meir på eit samarbeid. Eg trur vi alle er ein del av det problemet her og det handlar om at vi og må vere ein del av løysinga framover og finne dei smarte tinga.

Skal møte Greenpeace

Skiskyttarforbundets kanskje største stjerne akkurat no, Johannes Thingnes Bø, har i tillegg ein privat sponsoravtale med YX. Han meiner det er legitimt å setje spørsmålsteikn ved å fronte både ei bensinstasjonskjede og ein klimakampanje.

Det er klart at verda er i endring og då må ein endre seg etter kriteria som er der. Eg veit at YX ser på metodane sine for å minske utsleppa i åra som kjem og det er heilt klart viktig at alle i verda, både privatpersonar og dei største bedriftene, tek tak i hola og prøvene sine å gjere det betre, seier Thingnes Bø.

Pressetreff med skiskytterne

LEGITIMT: Johannes Thingnes Bø forstår at det kjem spørsmål om YX-samarbeidet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Han synest det er synd at han ikkje får bidrege like mykje som han skulle ønske.

– Når det gjeld reising, så kjenner eg ikkje at vi får bidrege så mykje som vi har lyst til. Dette er trass alt jobben vår og viss vi skal bidra meir på det, så må vi finne på noko anna. Det er litt dumt, at vi er påverka av det, reflekterer årets samanlagtvinnar i verdscupen.

Etter at han har løfta verdscupkula søndag, skal Greenpeace i møte med skiskyttarforbundet om korleis skiskyttarane kan bidra i miljøkampen.

– Vi ønskjer å snakke om tre ting: Det eine er korleis skiskyttarane best mogleg kan kutte eigne utslepp. Det andre er kva sponsorar som dei kan ha og då meiner vi mellom anna at YX bør vere avvist. Det tredje er å få skiskyttarane med på å stille krav til politikarane våre for å få kraftig utsleppskutt så fort som mogleg, fortel Pleym.

Les også Lanserte klimakampanje - kjenner ikke til egne utslipp

Johannes Thingnes Bø

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal