Aanes har skrive treårskontrakt til etter OL i Tokyo i 2020.
I januar 2015 ville han slutte etter ein konflikt med forbundet, men let seg overtale til å halde fram. Men i september i fjor, etter OL i Rio, slutta han. Der tok Stig André Berge bronse.
Bryteforbundet har skifta ut både president, generalsekretær og sportsleg leiar sidan den gongen, men Aanes ønskjer ikkje å kommentere kva konflikten går ut på.
No er han altså tilbake for tredje gong.
– Viktigaste er at vi blir ei gruppe igjen
– Det er endra litt i styre og stell, og det passar meg bra, seier Aanes.
Han utdjupar:
– Det viktigaste for meg er at vi har eit system som fungerer, og som kan produsere medaljar i OL. Utan det vil eg ikkje ha den jobben. Men no ser det ut som om både bryteforbundet og Olympiatoppen er med på min tankegang og det opplegget eg har lyst til å køyre.
Trenaren påpeikar at dei ikkje har vore samde om korleis dei skulle satse og korleis gruppa skulle sjå ut.
Men: «Det som har vore, er historie».
– For gruppa er dette bra. Det har vore eit ønskje frå fleire i landslagsgruppa, seier Stig André Berge, som heile vegen har hatt Aanes med som personleg trenar.
– Det viktigaste er at vi blir ei gruppe igjen, at vi ikkje er splitta. Siste halvåret har det nesten vore tre grupperingar, legg han til.
Han var ein av medaljehåpa som ikkje fekk det til i VM tidlegare i år.
– Fritz er god på det sportslege. Og så lenge han får halde på med det, er vi gode.
- Les også:
«Vikings to Tokyo»
«The King has left the Castle», skreiv Fritz Aanes på Instagram då han slutta i fjor. «Han pappa er tilbake», seier han no.
Han avviser at det er pengar som gjer at han har gjort heilomvending.
Hans system er at alle må bu i Oslo og trene to gongar om dagen under landslagsleiinga.
– Hard trening skapar resultat. Det er viktig å ha i ei stor gruppe som trenar i lag, som lærer av kvarandre, og som støttar kvarandre både i opp- og nedturar.
– Får du det no?
– Ja. Vi er i gang med prosjekt «Vikings to Tokyo 2020». Det blir heilt konge.