– Vi er skuffa. Vi har ikkje fått dei resultata vi hadde trudd, oppsummerer generalsekretær Morten Sandnæs.
Berre ein av sju kampar har gitt norsk siger.
- Felix Baldauf (98 kg), slått i åttedelsfinalen
- Stig-André Berge (59 kg), slått i åttedelsfinalen
- Grace Bullen (58 kg), slått i kvalifiseringa
- Petter Karlsen (71 kg), slått i kvalifiseringa og i rekvalifiseringa
- Iselin Moen Solheim (75 kg), slått i kvalifiseringa
Baldauf, Berge og Bullen var medaljehåp på førehand.
– Vi kom hit med tru på medaljer. Det har vi ikkje klart, derfor er vi skuffa, seier Sandnæs.
– Er det fiasko?
– Nei, eg vil ikkje bruke det ordet. Men marginane er små, og alle har gått imot oss. No skal vi heim og evaluere, seier han.
– Forklaringa må vi kome tilbake til litt seinare. No skal vi evaluere, slå hovudet i veggen og starte på scratch. Det er tungt med slike resultat, men det er ikkje eit nederlag. Livet går vidare. Vi må gå vidare saman, og halde fram med å sveitte blod.
– «Tråkigt»
– Det har kanskje vore Norges nedtur, seier Bullens trenar Lotta Andersson.
– Det er «tråkigt», men samstundes er det slike meisterskap som gir motivasjon til å reise heim og jobbe knallhardt vidare. Totalt sett har vi hatt ein veldig god sesong.
Andersson seier Bullen har hatt ein veldig bra treningssesong, men at ho treng tid til å etablere seg på seniornivå. Det seier også Stig Andre Berge om Grace Bullen.
Grace Bullen har gjort det enormt godt på juniornivå og har gull frå sommar-OL for ungdom og bronse i Europaleikane i år.
– Action når Grace bryt
Grace Bullens kvalifiseringskamp i 58 kg-klassen blei den klart mest underhaldande for dei norske utøvarane. Bullen låg under 0-4, men snudde til 8–4. Så glapp det i slutten, og nokre sekund før slutt blei det 8–8. Ettersom motstandaren tok dei siste poenga, blei det tap for Bullen.
Stig-André Berge er likevel godt nøgd med Bullens kamp.
– Det er slik Grace bryt. Det er action, det skjer ting heile vegen.
– Grace blir stor i internasjonal bryting
– Grace fekk det ikkje til i første periode, men i andre viste ho kva ho kan. Så surra ho litt på slutten og tapte. Slik kan det dessverre gå i meisterskap. Ho er ung og utan erfaring frå store meisterskap, det kan ha litt å seie.
– Eg har sagt det før og seier det igjen: Grace kjem til å bli ein av dei verkeleg store i internasjonal bryting. Gi henne berre litt tid, seier Berge.
Bullen sjølv var ikkje veldig misnøgd.
– Vi hadde ein plan. Den følgde vi for det meste. Eg prøvde eit unødvendig forsøk 20 sekund før slutt, og då gjekk det gale.
– Eg må berre lære av det. No er eg ei VM-erfaring rikare, seier Bullen.