– Det var knallhardt (føre), men så var det plutseleg ikkje så hardt. Eg kom ned på mjuk snø, og då vart det bråstopp på beina, medan overkroppen heldt god fart framover, seier ein lattermild Tønseth til NRK.
Tønseth, som laurdag tok sin første siger i verdscupen sidan 2018, fekk fleire kutt i ansiktet og måtte gå blodig ut av marka.
– Det er ironisk, i går gjekk eg stafett i ein kupert, bratt løype med ti mann rundt meg, og det gjekk fint. I dag var eg åleine på eit vatn, og då gjekk det «åt skogen». Det er kontrastar, seier han.
Etter uhellet publiserte han eit bilete på Instagram. Biletet viser kor mykje blod som faktisk rann nedover ansiktet til trønderen. Saman med biletet har han lagt ved Wikipedias definisjon på «skare».
– Øydelagt sjølvbilete
Heldigvis for Tønseth fekk han berre nokre få plasterlappar i ansiktet etter fallet.
– Det var det som tok støyten. Ingen brekte stavar, ingen brekte ski, og ikkje brekt nase, så eg ser eigentleg på det som eit vellykka uhell, seier han.
– Ingen brot på utstyr eller kropp, altså?
– Nei, eit øydelagt sjølvbilete, seier han og ler.
– Var du redd for at det skulle vere litt meir?
– Nei, eg kjende raskt at det skulle gå greitt. Litt støl i nakken og litt lettare hovudverk. Men det høyrer nok til med eit fall.
– Det var nokre blikk
Etter uhellet gjekk Tønseth direkte til eit legekontor i Granåsen for å få sjekka kutta. Uhellet skjedde på vatnet Skjellbreia i Bymarka, eit godt stykke frå Granåsen.
– Eg gjekk forbi ein barneskule som hadde ein skidag, der var det nokre blikk. Elles prøvde eg å halde såpass fart at ingen skulle sjå det, seier Tønseth.
Tønseth var på skitur saman med skotten Andrew Musgrave.
– Han stod ti meter bortanfor og lo.
– Så det var briten som lo av nordmannen?
– Ja, hahaha, seier Tønseth.
Stiller på Birken
Tønseth fortel at han tidlegare har hatt nokre fall på den harde salta snøen i sommarløypene på Sognefjellet.
– Det er mange som har hatt fine fall der. Då er det shorts og t-skjorte. Det hender seg, det gjer det jo, men det går som regel bra, seier han.
– Har du vore så blodig på skitur før?
– Ikkje på skitur nei. Nei, ikkje elles heller for så vidt, seier han og ler.
Sjølv om verdscupsesongen er over for langrennsløparane har Tønseth fleire skirenn på programmet. Allereie laurdag står Birkebeinerrennet på planen.
– Det skal gå fint, det. Eg får håpe det gror før eg skal byrje å stake opp Midtfjellet, seier han.
- Birkebeinerrennet blir sendt på NRK 1 førstkommande laurdag frå 07.30.