– Eg hadde veldig vondt i tanna på mandag, og måtte gå til tannlegen i Östersund. Difor blei det ei særs spesiell opplading for min del, seier franske Martin Fourcade etter sin sjuande verdscupsiger i karrieren.
Ingen kunne tukte franskmannen, som onsdag vann med nesten to minutt framfor tsjekkiske Michal Slesingr.
- LES OGSÅ:
Men i dagane før start var det langt frå problemfritt for den glade sigerherren. Og etter eit knusande renn hylla han mannen som redda sesongstarten.
– Eg kunne aldri ha gått utan at tannlegen fiksa problemet med tanna mi. Takk til han. I dag gjekk eg eit kjempeløp, og klarte å halde konsentrasjonen oppe, seier Fourcade.
Bø gløymde børsa før start
Med eit stort glis kunne han sjå norske favorittar gå på den eine smellen etter den andre.
For der Fourcade gjennomførte eit nærast prikkfritt renn med bare ein bom, leverte dei norske førehandsfavorittane langt under pari.
Bare Rune Brattsveen redda ein elles svart norsk dag med sin sjuandeplass.
Langt, langt nede på lista kunne ein sjå kanonene Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø og Ole Einar Bjørnalen.
Slik forklarer dei fiaskodagen:
- Tarjei Bø - 25. plass med fire bom:
– Eg gløymde børsa før start, og måtte springe tilbake for å hente den. Eg gjekk jo langrenn førre helg, og følte meg litt som ein langrennsløpar, fleiper Bø før han legg til:
– Det er uvant å konkurrere når treninga heng litt igjen.
- Emil Hegle Svendsen - 21. plass med fire bom:
– Vi har ikkje gått renn, og dermed ikkje førebudd oss optimalt. Dette var min dårlegaste sesongstart på lenge. Eg var daff då eg vakna i dag, og mangla killer-instinktet, sa ein skuffa Hegle Svendsen.
- Ole Einar Bjørndalen - 43. plass med seks bom:
– Eg er ikkje nøgd med innskytinga mi, og fekk det ikkje til å fungere på standplass under rennet. Det blei mykje stress, og eg bomma på skot som eg normalt ikkje burde bomma på, sa Bjørndalen.
– Skal alltid ha ein i toppen
Det gjekk rett vest for dei norske favorittane, men Bø påpeiker at det kanskje ikkje er så overraskande på denne øvinga.
– 20 kilometeren er ein rein skytekonkurranse. Dette er øvinga der favorittane kan risikere å komme langt ned på lista. Når eg skyt fire bom har eg ikkje nokon pallsjansar, seier Bø.
– Men vi skal alltid ha ein som kjempar om sigeren. I dag skuffa vi som lag, legg han til.
No er dei innstilt på å hevne seg under sprinten som går fredag.
– Eg har skutt bra i det siste, og er ikkje bekymra for sprinten, seier Bjørndalen.
Fourcade: – Skal kjempe for trøya
Men også der vil dei få kamp av ein innbitt franskmann som ikkje vil sjå seg tilbake.
– No skal eg kjempe for å halde på leiartrøya, seier dagens store mann, Martin Fourcade.