Bare Rune Brattsveen klarte å blande seg inn mellom dei ti beste. Han redda ein elles elendig norsk dag med sin sjuandeplass.
Bø: – Altfor dårleg
Tidleg blei det klart at fjorårets verdscupvinnar, Tarjei Bø, var ute av sigerskampen.
Etter tredje skyting hadde han bomma fire ganger, noko som resulterte i fire tilleggsminutt.
Totalt enda det med fire bom på stryningen.
– Vi er vel ikkje kjend for å vere det beste skyttarlaget. Men i dag var det altfor dårleg, seier Bø.
– Men det var kjekt å gå skirenn igjen, sjølv om resultatet ikkje blei som venta, seier Bø.
- LES OGSÅ:
Bomtur for Svendsen
Også Emil Hegle Svendsen var langt unna ein god dag på standplass. Som Bø gjekk han ut av første skyting med to bom, og dermed to tilleggsminutt.
Hegle Svendsen tok seg opp med feilfri tredje skyting, men dro på seg ein bom på siste. Dermed enda også han opp med fire bom totalt.
Det heldt bare til 21. plass, og nest beste norske plassering.
Bø måtte sjå seg sjølv fire plassar bak Svendsen, og var bare 25. beste totalt i Östersund.
Langt, langt nede på lista befant Ole Einar Bjørnalen seg. Tidenes beste verdscup-skiskyttar blei bare nummer 43, 5.19,6 minutt bak vinnaren.
Bjørndalen bomma heile seks ganger i verdscupopninga.
Suveren franskmann
Ingen kunne hamle opp med Martin Fourcade på 20 kilometeren. Franskmannen slo andremann Michal Slesingr med nesten to minutt, og gjekk inn til karrierens sjuande siger i verdscupen.
Tyske Simon Schempp kapra tredjeplassen. Samtlege på pallen bomma bare ein gang.