Sjå også Norge - Austerrike på NRK1/NRK2 og høyr kampen på radio NRK Sport frå kl 17.50.
– Historia viser at lag som presterer godt i serie, cup og meisterskap har gode forsvar og godt kontringspel, seier landslagssjef Roger Finjord.
Han gir uttrykk for beundring av Atletico Madrid – verdas beste forsvars- og kontringslag.
– Utan samanlilkning elles er vi er inspirerte av deira intense forsvarsspel, tette avstandar og ikkje minst omstillingane når dei går i kontring – vinklane og avstandane dei gir kvarandre tidleg, seier Finjord.
– Blir vanskelege å slå
– Det brukar vi til å gjere nyansar i vårt eige spel. Vi skal utvikle den stilen vi har, og då må vi sjå på dei beste. Forsvar og kontringar har vore våre suksesskriteriar i mange år. Det ønskjer vi framleis at det skal vere, seier han.
– Greier vi å ha eit forsvarsspel der heile laget er dedikert til sine oppgåver, skal vi bli vanskelege å slå – også no i kveld, seier landslagssjefen.
Norge og Austerrike er dei to beste laga i gruppa. Norge vann 1-0 borte i april, og vil ta eit langt steg mot neste års EM om det blir poeng i dag.
Toppkampen mot Austerrike står først for tur, på Ullevaal i kveld.
– Vi vann nok nesten litt ufortent sist, og var ikkje heilt nøgde med kampen. Vi må vere betre i dag dersom vi skal vinne, seier Emilie Haavi.
– Og det skal vi. Vi har potensial til å gjere ein god kamp i dag. Det blir ein nøkkelkamp. Austerrike er det beste laget vi har møtt i denne kvaliken. Vinn vi i dag, ser det lyst ut, seier Haavi.
Det har ho rett i. For om Norge slår Austerrike i dag og Wales borte tysdag, er Norge matematisk EM-klar.
Null baklengs
– Det skal skje mykje uheldig om vi ikkje kjem til EM. Og med siger no er det meste gjort. Det ligg mykje i potten denne veka, seier kaptein Maren Mjelde.
Laga har like mange poeng, men Norge har fire kampar att, Austerrike berre tre. Norge har spela gjerrig hittil i kvaliken, utan baklengsmål – 4-0 over både Kaskahstan og Wales, 1-0 borte mot både Israel og Austerrike.
– Eg har stor tru på at dette skal vi klare, seier Mjelde.
Roger Finjord ser for seg mykje folk på tribunene og ein varm og fin sommarkveld på Ullevaal i kveld.
– Kveldssol, 25 varmegrader og opp mot 10.000 på tribunene – då blir det ein strålande kveld for norsk fotball.