Hopp til innhold

Skreiv på tavla i pausen: – Benken utgjer skilnaden

Marouane Fellainis hårete hovud skulle bli Belgias redning då det såg ut som om dei var i ferd med å tape for vesle Algerie. Han snudde kampen som Belgia til slutt vann 2-1.

Fellaini header ballen i mål

SE VIDEO: Marouane Fellaini starta Belgias snuoperasjon med denne scoringa.

Laster innhold, vennligst vent..
Fellaini

Her jublar Marouane Fellaini uhemma etter utlikningsmålet. Det har han grunn til etter den skuffande sesongen i Manchester United

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

– I pausen skreiv eg på tavla i garderoben: «Benken utgjer skilnaden». Og benken gjorde verkeleg skilnaden i kveld, sa Belgias landslagssjef Marc Wilmots.

For det var innbytarane som var skilnaden på laga til slutt. Og ikkje minst Marouane Fellaini.

– Vi hadde ingenting å svare med

– Han er ein av dei beste hovudspelarane i Europa. Han var så dominerande i lufta at våre spelarar ikkje hadde noko å svare med, sa ein skuffa og fortvila algerisk landslagssjef Vahid Halilhodzic.

– Det må vere deilig for United-floppen å få utteljing på ein av sine aller første sjansar, sa Lise Klaveness i NRKs studio.

Scoringa smakte nok ekstra godt for Fellaini, som har hatt det tungt etter at han gjekk til Manchester United før sesongen. Der har han vore rekna som ein av årets store floppar.

I innhoppet mot Algerie etter 65 minutt – Belgias siste byte – var han langt kvikkare enn ein har sett han for klubblaget.

Fem minutt etter at Fellaini kom innpå, redda han kvelden for førehandsfavoritten Belgia, som låg under etter ei straffescoring av Algerie i første omgang.

Kevin de Bruyne la inn i feltet, Fellaini fekk håret under ballen og stussa den via tverrliggar og inn.

Det var samstundes eit knusande slag mot Algerie, som knapt hadde gjort ein einaste feil i forsvarsspelet til då.

– Vi fekk løn for tolmodet

Målet gav utlikning til 1-1 og var det som starta snuoperasjonen for belgiarane. Nokre minutt seinare sette ein annan inbytar, Dries Mertens, inn 2-1. Han fekk pasninga frå Eden Hazard og hamra lett inn sigersmålet.

Belgia er dermed det sjette laget i årets VM som vinn etter å ha lege under.

– Det var vanskeleg. Men vi klarte å vere tolmodige, og det lønte seg til slutt, sa den belgiske landslagssjefen Marc Wilmot – forøvrig den siste belgiar som har scora i eit VM-sluttspel før Fellainis scoring dag.

– Vi fekk tre poeng, og det er svært viktig i ei VM-opning, sa mannen bak sigersmålet Dries Mertens.

Derfrå og inn var det berre Belgia. Laget spelte seg tilbake til den outsiderposisjonen mange meiner dei har i VM, men som dei var langt frå i den første timen av kampen.

Fellaini var involvert i fleire gode sjansar på slutten av kampen.

– Han hadde eit svært godt innhopp, sa Klaveness.

Målet var Fellainis første på nesten ti månader. Den storvaksne angrepsspelaren har ikkje scora sidan ligacupkampen mot Stevenage i august i fjor – for Everton.

Men i kveld er han helt i Belgia. – Fellaini har gjort meir for Belgia i kveld enn for United heile sesongen, var ein av kommentarane på BBCs liveoppdateringsside.

Belgia svake før pause

For det belgiske mannskapet som er rekna som ein av outsiderane i VM, skuffa stygt i første omgang. Spelet gjekk sakte og var omstendeleg, og det gode algeriske forsvaret hadde ikkje vanskar med å halde Belgia på avstand.

Algerie scorer

Her har Algerie tatt leiinga, Belgias keeper Thibaut Courtois kan berre slå fast at straffen har gått i mål

Foto: Sergei Grits / Ap

Mot spelets gang tok Algerie leiinga på straffe midt i første omgang. Sogiane Feghouli gjekk på eit godt løp inn i det belgiske feltet, men vart tatt av Tottenham-spelar Jan Vertonghen. Den meksikanske dommaren var ikkje i tvil.

– Så vidt eg kan sjå, var det greit å dømme straffe, sa Tom Nordlie i NRK-studio. – Klønete og urutinert av Vertonghen, supplerte Lise Klaveness.

Feghouli tok straffen sjølv, sende Belgias keeper Thibaut Coutrois til den eine sida og ballen til den andre.

Til enorm jubel frå dei 56.000 på tribunen, der den store hop av i utgangspunktet nøytrale tilskodarar gav «underdog» Algerie voldsom verbal støtte.

15 minutt frå negativ rekord

Då var det eit kvarter att til Algerie hadde sett ein negativ rekord: Lengst tid i VM-sluttspel utan scoring. Bolivia får behalde den ei stund til. Den førre Algerie-scoringa kom mot Nord-Irland i 1986.

– Eg er småskuffa over Belgia, sa Nordlie i pausen. Då hadde han sett ein omgang i lågt tempo, der det lovande belgiske laget knapt nok har kome gjennom den kompakte algeriske muren.

Algerie jubler

Slik jublar Algerie etter å ha teke leiinga

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

FIFAs offisielle skotstatistikk viste 8-2 i belgisk favør i første omgang. Belgia hadde 251 pasningar, Algerie 90. Men det var Algerie som leia.

Algerie: – Vi er ikkje godt nok trent

– Vi er veldig skuffa, sa Vahid Halilhodzic. – Vi hadde sjansen til ein stor siger, men vi glapp. I andre omgang gav vi dei før mykje rom, og då blei det vanskeleg, sa han.

Han meinte også at dei algeriske spelarane ikkje var godt nok trent, og at det var årsaka til at det sprakk på slutten.

– Vi har mange unge spelarar som ikkje held i 90 minutt, og fleire av dei bad om å bli bytta ut mot slutten. Vi mangla det friske spelat vi viste tidlegare i kampen, og vi gjorde mange småfeil som dei utnytta. Vi treng å auke den fysiske kondisjonen med 30 til 50 prosent, sa landslagssjefen.

– Men det var mykje kvalitet i spelet vårt, og vi gav alt vi kunne, sa han.

– Belgia kjempar mot eit godt forsvar, men det går altfor sakte. Dei er nøydde til å få opp farten, bevegelsen og intensiteten i andre omgang. I første skuffa dei stort, meinte Klaveness.

Belgia gjorde som Klaveness sa. Dries Mertens kom inn for Nacer Chadli frå avspark etter pause, og det gav Belgia meir fart.

Men det var først då Fellaini entra arenaen at det vart verkeleg fart over belgiarane.

Dommaren gav forøvrig landslagssjef Marc Wilmots i første omgang ordre om å byte skjorte. Hans kvite skjorte var for lik Algeries trøyer, og det skapte forvirring når Wilmots gjekk ut mot kanten av det tekniske området. Meinte dommaren. Wilmots ordna det ved å ta på seg mørk jakke i varmen i Belo Horizonte.

Video: Mertens set inn Belgias sigersmål:

Belgia leder 2-1 over Algerie

Video: Her tek Algerie leiinga på straffe:

Algerie opp i ledelsen

Video: Situasjonen som førte til straffesparket:

Straffe til Algerie etter denne hendelsen

Fotball