- Kampfakta: Wigan–Arsenal 1–1 (3-5 e.str.)
Heilt fram til det 82. minutt såg det ut til at Wigan ville ta nok ein Premier League-skalp i FA-cupen. Per Mertesacker hadde laga straffe og Wigan leia 1-0, men så gjorde Arsenal sin tyske midtstoppar ting bra igjen.
Etter 82 minutt sette han inn 1–1.
– Vi var litt nølande i første omgang. I andre omgang trefte vi stolpane to gonger og hadde store sjansar, så det var eit bra comeback, meinte Mertesacker etter kampen, ifølgje BBC.
Han kjem samstundes med eit stikk til dei som har tvilt.
– Eg synest viser stor styrke, trass i at ein del menneske har sett spørsmålsteikn ved oss.
Ingen av laga fekk avgjort i ekstraomgangane, men då kampen gjekk til straffer var Arsenal sterkast.
Rösler: – Eg er stolt
Uwe Rösler sine menn er sjanselause på direkte opprykk på nivå to i England. I FA-cupen har Wigan derimot overbevist:
Dei slo Crystal Palace 2–1 i 4. runde, vann 2–1 borte mot Cardiff i åttandedelsfinalen og sjokkerte med 2–1 borte mot Manchester City i kvartfinalen.
Og det var så nær, så nær i semifinalen òg, men det blei tap til slutt.
– Eg kunne ikkje bedt spelarane mine om meir enn dei gav meg. Arsenal er eitt av dei beste laga i landet, og vi gjorde det veldig bra mot dei, sa Rösler etter kampen, ifølgje NTB.
– Eg er stolt over korleis dei spelte og kor mykje arbeid dei la ned, sa den tidlegare Lillestrøm-, Viking- og Molde-trenaren.
Saka held fram under bildet.
Tysk syndehelt
I semifinalen på Wembley var det–ikkje overraskande–Arsenal som køyrde kampen. I første omgang stod dei for alle store sjansar, men det stod 0–0 til pause.
Wigan opna meir aggressivt etter pause, og etter 59 minutt fekk Rösler sine menn straffe. Per Mertesacker felte Callum McManaman.
Frå straffemerket sette Jordi Gomez ballen i mål. Arsenal-keeper Lukasz Fabianski valde rett, men straffa var sikker.
Etter scoringa satsa favoritten frå London hardt framover, medan Wigan bytta defensivt. Etter 82 minutt kom utlikninga, og det var Mertesacker som fekk styrt ballen i mål.
Arsenal avslutta først i stolpen, før Wigan redda på streken. Men så fekk Arsenal sin tyske midtstoppar lagt 1–1 i mål.
Uavgjort stod seg til full tid, og kampen gjekk til ekstraomgangar.
To bom og alt var tapt
Der styrte Arsenal det meste, og stjernegalleriet var svært nære på å avgjere etter 110 minutt. Det var Alex Oxlade-Chamberlain som banka til, men Wigan blei redda av tverrliggaren.
Kampen gjekk til straffer.
Wigan opna og Gary Caldwell bomma. Mikel Arteta følgde opp med scoring for Arsenal, 1–2.
Så bomma Jack Collison for Wigan, svenske Kim Källstrom sende Arsenal opp til 1-3, før Jean Bausejour reduserte til 2–3. Oliver Giroud var sikker som banken til 2-4, før James McArthur la ballen iskaldt midt i mål til 3–4.
Så steig Santi Cazorla fram, banka ballen i mål og Arsenal kunne sleppe jubelen laus.
FA-cupfinalen blir spelt 17. mai, og Arsenal møter Hull eller Sheffield United. Dei spelar den andre semifinalen søndag.