Begge var verdsmeistrar for Vest-Tyskland – Walter i 1954, Flohe i 1974.
Ottmar Walter - 89 år
Ottmar Walter spelte saman med sin meir kjende bror Fritz i VM i Sveits 1954. Han scora fire mål på dei fem kampane han spela, og var med på "underet i Bern" då tyskarane snudde 0–2 til 3–2 i finalen mot storfavorittane Ungarn.
– Ottmar var ein av dei som gjorde "underet i Bern" mogeleg, sa den tyske fotballpresidenten Wolfgang Niersbach.
Brørne Walter spelte i fleire sesongar saman som spisspar i Kaiserslautern og var ligameistrar i 1951 og 1953. Ottmar scora utrulege 336 mål på 321 kampar for klubben. Han fekk 21 landskampar.
Prestasjonen blir endå større på bakgrunn av at han fekk ein stygg skade i beinet då han tenestegjorde i den tyske marinen under andre verdskrigen.
Eit kranglete kne sette stopp for karrieren hans i 1956.
Eldstebroren Fritz døydde 17. juni 2002, nesten på dagen 11 år før Ottmar.
– Med Ottmars dødfall har vi mista ein del av vår historie, sa Stefan Kuntz, styreleiar i Kaiserslautern, då dødsfallet var kjent.
Heinz Flohe - 65 år
Heinz Flohe fekk 39 landskampar og scora åtte mål som midtbanespelar på det tyske storlaget på 60- og 70-talet..
Han var ubrukt reserve på finalelaget som slo Nederland 2–1 i VM i 1974. Han var også med både i EM i 1972 (gull) og 1976 (sølv), og VM i 1978. Størsteparten av karrieren spela han for Köln, og var kaptein for laget som tok "The Double" i 1978.
Alt i alt fekk Flohe 343 kampar i Bundesliga, dei siste for 1860 München. Ein stygg skade sette stopp for karrieren i 1980. Han vart råka av slag i mai 2010, og har lege i koma sidan.
Ottmar Walter vart 89 år, Heinz Flohe 65.