NRK Meny
Normal

Her jublar han for det som kan bli tidenes europeiske scoring

Var Taisons scoring for Metalist Kharkov mot Rosenborg i 2012 tidenes mål i europeiske turneringar? Scoringa er iallfall ein av 60 kandidatar når UEFA skal kåre det beste målet dei siste 60 åra, og du kan vere med på å stemme.

Taison

Taison (t.v.) jublar etter scoringa mot Rosenborg i europaligaen i 2012. Målet er eitt av 60 du kan sjå og stemme på i UEFAs jubileumskåring

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

UEFA fyller 60 år i år, og markerer jubileet med å kåre det beste målet i desse åra. Dei har plukka ut 60 kandidatar frå alle europeiske turneringar – for menn, vel å merke – i det europeiske fotballforbundets historie.

Du kan sjå alle scoringane og gi di stemme på UEFAs nettsider .

Metalist Kharkov møtte Rosenborg i fjerde kamp i gruppespelet i europaligaen heime i Ukraina 8. november 2012.

På stillinga 1-1 etter 70 minutts spel fekk Taison (eller Claiton Xavier , som han også heiter), eit overlegg frå venstre. Frå spiss vinkel ute på kanten av 16-meteren smelte han til på direkten. Ballen fauk inn heilt oppe i motsett kryss, utan sjanse for RBK-keeper Alexander Lund Hansen.

Ikkje ulikt Marco van Bastens avgjerande mål mot Sovjetunionen i EM-finalen i 1988 – som også sjølvsagt er med.

Metalist vann til slutt 3-1.

–Tre svenske scoringar

Zlatan Ibrahimovoc

Zlatan er sjølvsagt med, representert med sitt og PSGs tredje mål mot Anderlecht i meisterligaen i fjor. Zlatan scora fire i 5-0-sigeren

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Ingen nordmenn er med på lista. Men tre svenske scoringar er med: Tomas Brolins sigersmål mot England i EM heime på Råsunda i juni 1992, og Mikael Nilssons opningsmål i IFK Göteborgs 3-0-siger over PSV Eindhoven i gruppespelet i meisterligaen i mars 1993.

Og Zlatan er sjølvsagt med, han er representert med 25-meterskotet sitt mot Anderlecht i gruppespelet i meisterligaen i fjor. Paris Saint-Germain vann 5-0, Zlatan scora fire.

Dagens president for jubilanten, Michel Platini, er også med. Ei av scoringane hans frå hattricket mot Jugoslavia (3-2) på vegen mot Frankrikes EM-gull i 1984 er funnen verdig til ein plass blant dei 60.

UEFA vart stifta allereie 15. mai 1954, men den eldste scoringa i utvalet er «berre» frå 1968 – Pietro Anastasis mål som avgjorde finale-omkampen i EM 1968. Italia slo Jugoslavia 2-0 etter 1-1 i den første kampen.

Lionel Messi, Cristiano Ronaldo, Marco van Basten, Zinedine Zidane, Kaka, Paul Gascoigne, Mark Hughes, Arjen Robben, Radamel Falcao – dei er der alle saman.

Nyt 60 vakre mål, og stem.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.