Det er stor spenning knytta til kampen om den iberiske halvøya.
Spanske supporterar er no i harnisk etter at eks-trenaren til Spania, Luis Aragonés, gir fedrelandet dårlege odds før dagens nabooppgjer.
– Om Portugal får kontroll over ballen, slår dei Spania komfortabelt, seier Aragonés til portugisisk media.
- LES OGSÅ:
– Stygt spansk spel
Aragonés var trenar for det spanske landslaget i fire år (2004-2008). Han avslutta
sin trenarkarriere med å ta Spania til topps i EM i 2008. Derifrå overtok Vicente del Bosque trenar-fakkelen.
- LES OGSÅ:
Men 72-år gamle Aragonés er lite nøgd med sin etterfølgjar. Etter Spania sitt katastrofetap mot Sveits i første VM-kamp, var han raskt ute med sleivspark - både til laget og til del Bosque.
– Laget framstod som lite overbevisande, bytene blei gjort altfor seint og det spanske spelet var stygt å sjå på, sa Aragonés.
Quieroz har respekt
Den portugisiske trenaren, Carlos Queiroz trur derimot dei møter eit sterkt spansk
lag i kveldens skjebnemøte.
– Eg trur det blir ein svært jamn kamp. Sjangsane for å slå Spania, trur eg er fifty-fifty, seier Queiroz.
Portugal dårlegare på papiret
Spania er ranka som nummer to i verda på FIFA-rankingen, framfor Portugal som er nummer tre på lista.
Men trass i at Spania ragar høgare enn Portugal på papiret, spår Aragonés at det er Ronaldo og resten av den portugisiske VM-troppen som går jublande av banen etter kveldens åttedelsfinale.
– Eg er pessimist. Spania har kome seg etter første kamp, men det portugisiske laget er eksepsjonelt godt. Nesten perfekt, skryter Aragonés.