Det vil han ikkje feire offentleg. For det er ikkje stort meir enn ein månad sidan han opplevde sin største tragedie: Sonen Stephan (46) døydde etter ei tids sjukdom.
Men for tysk og internasjonal fotball er 70-åringen frå München eit ikon. VM-gull som spelar og kaptein i 1974, VM-gull som trenar i 1990 og leiar av VM-organisasjonen i 2006 toppar ein fotballkarriere som knapt har sidestykke.
Høgdepunktet var 2-1-sigeren over Nederland i VM-finalen i heimbyen München i 1974.
I meir enn ein tiårsperiode skulle han setje sitt preg på tysk fotball, og var ei hovudårsak til at Vest-Tyskland var heilt i topppen i internasjonal landslagsfotball.
Sjå VM-finalen fra 1974 (Youtube)
Slått i ansiktet - valde Bayern
Det blir fortalt at Beckenbauer blei slått i ansiktet av ein spelar frå 1860 München på 50-talet. Derfor bestemte han seg for å spele for byrivalen Bayern.
Han var i utgangspunktet forsvarsspelar, men utvikla den tradisjonelle sweper-rolla til det som vart kalla libero – ei langt meir offensiv og spelande rolle, som han meistra til det perfekte.
Ute på bana oste det autoritet av «Der Kaiser».
– Beskjeden han sende ut, var: «Ikkje prøv på det eingong. Å kome for å møte meg er bortkasta tid», sa Englands nesten like legendariske Bobby Charlton.
Beckenbauer scora 14 landslagsmål – alle i kampar som Vest-Tyskland vann. Eitt var på Ullevaal i 1971, Vest-Tyskland vann 7-1.
Sjå: Beckenbauers 5 beste mål (Youtube)
– Det beste som har hendt tysk fotball
Samstundes var han på Bayern München-laget som tok steget frå nivå to i tysk fotball til toppen av Europa. Han debuterte i juni 1964, og var fast på laget i 1964/65-sesongen då Bayern rykka opp. Han vart kaptein i 1968/69-sesongen då klubben tok sin første Bundeliga-tittel.
– Franz er det beste som har hendt tysk fotball. Der var ingen betre før han, det vil ikkje bli nokon betre etter han, seier Günter Netzer, landslagskollega frå 70-talet.
I 1984 vart han tysk landslagssjef, og tok landet til to finaler på to forsøk. I 1986 enda det med tap, fire år etterpå med siger og VM-gull – begge gongane mot Argentina.
I 1998 vart han visepresident i det tyske fotballforbundet. Han får mykje av æra for at Tyskland fekk arrangere fotball-VM i 2006.
Suspendert for manglande samarbeid
Heilt prikkfri har han likevel ikkje gått gjennom fotballhistorie. I fjor vart han suspendert i 90 dagar som straff for å ikkje ha samarbeidd godt nok med FIFAs granskingskomite. Suspensjonen vart seinare oppheva, men «Der Kaiser» hadde fått ei ripe i lakken.
Beckenbauer er også kjend for sine mange slåande replikkar:
– Eg har aldri i mitt liv halde ein tale. Eg har berre sagt det som fall meg inn der og då, har han sjølv sagt.