Hopp til innhold

I kveld kan han bli større enn pappa

Tidlegare FFK-spelar Celso Borges er nøkkelspelar for VM-sensasjonen Costa Rica. Men i heimlandet er far hans minst like kjend.

Celso Borges

Celso Borges kan overgå sin far i kveld. Men pappa har framleis deltatt i fleire VM

Foto: EZEQUIEL BECERRA / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

Likevel – Celso kan i kveld gå lenger enn faren Alexandre Guimarães nokosinne gjorde. Om Costa Rica slår Hellas, går «Los Ticos» til kvartfinalen for aller første gang.

Det vil Celso vere med på. Pappa Alexandre kom aldri lenger enn til åttedelsfinalen. Og det er 24 år sidan.

Men til gjengjeld deltok pappa i tre VM – eitt som spelar, to som landslagssjef. Dit er det enno eit stykke for Celso.

– Vi diskuterer kvar kveld

Alexandre Guimaraes

Alexandre Guimaraes spelte i eitt VM og trente Costa Rica i to

Foto: FRANK AUGSTEIN / AP

Pappa Alexandre er på plass i Brasil.

– Vi møtest kvar kveld og diskuterer, seier Celso Borges til fifa.com .

– Han er minst like ivrig som eg om det vi har oppnådd. Han ber meg om å nyte kvart minutt av dette, seier Celso.

– Og det er det vi gjer. Vi tek oppgåva alvorleg, men samstundes med glede og smil. No har vi sjansen til å gi folk noko å juble for, og til å skrive eit nytt kapittel i vår fotballhistorie, seier Celso Borges.

Han spelar på laget som har slått både Uruguay og Italia, og som vann si gruppe.

– Han minner meg på at dette er dagar og stunder i mitt fotballiv eg kanskje aldri får oppleve igjen. Det er råd som eg lyttar til. Eg er stolt av å vere ein del av Costa Ricas fotballhistorie, akkurat som far min, seier den tidlegare Fredrikstad-spelaren.

Kom til Costa Rica som 12-åring

Alexandre Borges Guimarães var fødd i Brasil. Familien flytta til Costa Rica då han var 12. Faren var lege og jobba for den oanamerikanske helseorganisasjonen. Den sende han til Costa Rica for å ta del i kampen mot malaria i det mellomamerikanske landet.

Alexandre viste seg tidleg som ein god fotballspelar, men fekk ikkje costaricansk pass før han var 25 år.

Derfor blei ikkje landslagskarrieren særleg lang. Alexandre spela 16 landskampar frå 1988 til 1990. Men tre av dei var som innbytar i VM i Italia på eit tidspunkt då vesle Celso var to år.

– Derfor hugsar eg ikkje noko av det, seier Celso. – Men eg har sett mange videoar frå det VM, og har etter kvart forstått kor vikig fars pasning og målet det gav, var for landet. Eg er stolt av at far tok del i ein så viktig augneblink, seier Borges.

Guima la den målgivande pasninga då Hernan Medford to minutt før kampslutt gav Costa Rica 2-1 over Sverige og plass i åttedelsfinalen i 1990. Skottland og Sverige måtte reise heim.

Målgivande då Costa Rica skreiv historie

Han missa opningskampen mot Skottland, der Costa Rica – som aldri hadde vore i VM før, og som var rekna som lettvaktaren i gruppa – sjokkerte ved å vinne 1–0.

Men i kampane mot Brasil (0–1) og Sverige (2–1) vart han bytta inn dei siste minutta.

Sigeren betydde åttedelsfinale for «miniputtane» frå Costa Rica, men der var det slutt. Alexandre fekk 25 minutt, men kunne ikkje hindre tap 4–1 for Tsjekkoslovakia.

To VM som landslagssjef

Alexandre Guimaraes

Her må Alexandre Guimaraes ha politieskorte etter returen til heimlandet. Costa Rica tapte alle kampane i gruppespelet

Foto: JUAN CARLOS ULATE / REUTERS

Alexandre var 31 år på den tid, og landslagskarrieren var slutt. Men «Guima» hadde vist seg som ein sterk leiar. Etter å ha trent fleire klubbar, vart han landslagssjef for Costa Rica i 2001 etter ei tid som assistent. Han overtok sjefsjobben midtveges i kvalifiseringa, og leia landet til VM i 2002.

Der vart dei så vidt slått ut i gruppespelet. 2–5 for Brasil i siste kamp sende dei ut på målskilnad bak Tyrkia, som skulle ta bronsen til slutt. Det var nok til at Alexandre fekk sparken.

Tre år etterpå vart han henta inn att og leia på nytt Costa Rica til VM i 2006. På nytt vart dei slått ut, og han gjekk av igjen – frivillig denne gongen.

Den gongen tapte Costa Rica alle kampane i gruppespelet, og «Guima» måtte ha politieskorte ut av flyplassen då laget returnerte.

FFK: – Ein spelar i diamantklassen

Sidan har Alexandre Guimarães halde fram trenarkarrieren, og er i dag trenar for den kinesiske klubben Tianjin Teda.

Celso følgjer godt i pappas fotspor. Han har spela nærmare 70 landskampar og scora 14 mål.

I 2009 henta Fredrikstad Celso Borges frå costaricanske Saprissa, som han hadde vunne fem meisterskap med. 20-åringen valde FFK framfor storklubbar som Manchester City, Werder Bremen og Anderlecht.

– Vi har fått tak i ein fotballspelar i diamantklassen, sa ein overlykkeleg sportsdirektør Tor-Kristian Karlsen til VG .

Borges spela tre sesongar for FFK, med 44 mål på 84 kampar som resultat.

Sidan 2012 har han spela for AIK i Sverige.

Men i kveld er det Hellas og VM som gjeld. Og om sonen skal nå endå lenger enn far sin.

PS: Celso Borges er slett ikkje den einaste Costa Rica-spelaren med norsk fortid. Ikkje mindre enn ni spelarar i troppen har spelt i norsk fotball.

Fotball