– Vi har gløymt det viktigaste, nemleg å ta publikum på alvor, seier arrangementssjef i Aalesund FK Øyvind Vebenstad til NRK.no.
Tala etter årets eliteseriesesong viser at tilskodarsnittet ikkje har vore lågare på ni år. Årets eliteseriekampar vart sett av i snitt 7014 tilskodarar.
Besøkte tyske toppklubbar
For ei tid sidan besøkte Vebenstad og AaFK dei tyske klubbane Köln og Hoffenheim for å lære. Tysk eliteserie har det høgste tilskodarsnittet i Europa. Snittet ligg på rundt 43 000 tilskodarar.
– Dei har klart å skape ein identitet til klubben i lokalsamfunnet. Dei har stor oppslutning kring klubbane. Samstundes har dei klart å byggje merkevare kring ligaen. Det har vi ikkje klart i Norge, seier Vebenstad.
Aalesund hadde 9183 tilskodarar i snitt i årets sesong. Klubben er ikkje ein av klubbane som har mista flest tilskodarar.
– Det handlar om å byggje lojalitet, vere til stades i lokalmiljøet og leggje forholda til rette for publikum. Samstundes må spelarar, trenarar og leiarar blir flinkare til å ta vare på publikum. Det kan gjerast ved å oftare vise takknemlegheit, seier han.
Kenneth Kjelsnes er talsmann for Rosenborg sin supporterklubb, Kjernen. Han er glad for at klubbane no gjer ein innsats for å få fleire publikummarar på stadion.
– I Tyskland har dei fått til ei fellesskapskjensle. Kjensla av å vere ein del av noko større. Det har vi ikkje lukkast med på same måte i Norge. Men det er ikkje gjort over natta, seier han.
Har eigen supportarpub
Kjelsnes understrekar at han er nøgd med samarbeidet med Rosenborg. Supporterklubben bad mellom anna om å få skjenkebevilling på stadion, noko dei fekk lov til.
– Her kan supporterane samlast før kamp. Slike ting er med på å byggje ei fellesskapskjensle, seier han.
– Eg veit om mange som går på kamp som meiner vi i supporterklubben er viktige. Lerkendal hadde vore ekstra kjedeleg utan ein aktiv supporterklubb, seier han.
Brann har tidlegare vore på studietur til den amerikanske klubben Seattle Saunders.
– Saman med dei andre klubbane jobbar vi med ei rekkje tiltak. Det viktigaste er at vi tek publikum på alvor. Tiltaka går ut på å få ned køane i kioskane, vi skal ha god informasjon på stadion om resultat i andre kampar og reprisar på storskjermen, seier dagleg leiar Roald Bruun-Hansen.
– Samstundes må vi bli betre på å kommunisere direkte til publikum når det gjeld det tilbodet vi har, seier han.
– Sjukdomsteikn
Bruun-Hansen er ikkje einig i at fotballklubbane har gløymt publikum.
– Tilskodartala går i bølgjedalar. Vi har utfordringar som vi jobbar med. Så håpar vi at det gir resultat allereie neste sesong, seier han.
Arrangementssjefen i Aalesund meiner også at dei norske klubbane må finne si rolle.
– Det er eit sjukdomsteikn når berre serievinnaren, laget som vert nummer to og eit par lag i botnen, som er glade for å overleve i serien, er nøgde, seier Vebenstad.
– Resten av klubbane er eit ragnarok om trenarskifte, styrer må gå, mange er skuffa over laget sitt. Ein må sjå på stoltheita over å vere i divisjonen og få møte dei beste laga. Dette kan vere med på å skape entusiasme, seier han.