Chelsea-manager Avram Grant har enorme sko å fylle etter Jose Mourinho i sjefsstolen i London-klubben. Han skjønar at avisene daglig skriv at han snart er ferdig i jobben.
- Slik vil det vere så lenge eg er manager i klubben. Slik var det óg då Claudio Ranieri var her. Avisene skreiv også at Roberto Manchini skulle ta over jobben til Jose Mourinho. Det sa Grant til BBC etter at Chelsea tok seg enkelt vidare i ligacupen.
Greitt at avisene spekulerar
Dei blå frå London slo førstedivisjonsklubben Hull City 4-0 i Nord- England. Salomon Kalou (2), Steve Sidwell og Scott Sinclair fiksa måla og avansementet for Chelsea.
Avram Grant tok over managerjobben i klubben etter at Jose Mourinho sensasjonelt trakk seg. Han starta jobben med å tape 2-0 for Manchester United på Old Trafford. Sjølvom Chelsea fekk ein opptur mot Hull, forventar Grant at spekulasjonane held fram.
- Eg tippar det kjem opp fleire namn i løpet av dei neste vekene. Namn som skal ta over jobben min. Dette er ein toppklubb.Dagen slike spekulasjonssaker ikkje står i avisa er dagen noko er alvorleg feil, avsluttar israelaren.