- Dersom Aalesund vinn serien i år, skal eg slutte å spele fotball.
Det seier Moldes Knut Olav Rindarøy til NRK. Han har ikkje tru på veslebror frå Sunnmøre, og kastar ut ei raud klutt til dei oransje før fylkeskampen torsdag.
- Aalesund blir aldri i verda seriemeister i år. Dei har ikkje det som skal til for å vinne serien, seier Rindarøy til NRK. Han trur at "dei sterke" vil kome eter kvart.
Aalesund har opna rekordtsterkt, og ligg 11 poeng framfor det som iallfall var fotballstorebror i Møre og Romsdal.
- Vi har ei større historie enn Molde, så vi er fortsatt storebror, seier Rindarøy før møtet i Molde torsdag.
- For Molde som by er dette ein veldig viktig kamp. Vi har vore storebror i mange år, og no er dei betre enn oss på tabellen, og det betyr ein del, seier Magne Hoseth til NRK.
Sjå kampen direkte på NRK2 torsdag kl 20.