– Eg har halvanna år igjen av kontrakten min, men har ikkje tenkt å fullføra den. Eg har sagt til klubben at eg ikkje kjem til å reisa tilbake, seier John Arne Riise.
Den tidlegare landslagsspelaren har hatt eit tøft halvår i India. I august reiste Riise til Delhi og laget Dynamos klar for å bidra i to år. No, fem månader etter har Riise bestemt seg for at India er eit avslutta kapittel.
Veit ikkje kva han skal gjere
– Fotballen gjekk bra og gutane på laget var fantastiske, men det var ikkje noko liv for meg. Eg er nøydd til å føle meg trygg og komfortabel for å ha det bra, og det gjorde eg ikkje, seier Riise, som tidlegare har meldt på bloggen sin at det har vore tøft utan kona og barna i India.
Men alt var heller ikkje tungt i verdas nest mest folkerike land. 35-åringen føler han har opplevd mykje på den korte tida.
– Nå skal ikkje alt vere negativt. Det var fantastiske folk i India, og det var fantastisk å vere der saman med dei.
- Les også:
Riise signerte for Delhi Dynamos i august, og avtalen skulle vare i to år. Riise er usikker på kva han skal gjere i framtida, men han har byrja på trenarkurs.
– Det er stor fallhøgde der, men eg hadde sagt ja om eg hadde fått tilbodet, seier Riise, på spørsmål om han kunne tenke seg å bli norsk landslagssjef i framtida.
Riise står no utan klubb, men ein overgang tilbake til Aalesund virkar usannsynleg.
– Kva skal du gjere no då? spør Fredrik Skavlan.
– Ja, sei det. Eg sit no her saman med deg då, seier Riise og ler.
Heile intervjuet med John Arne Riise kan du sjå på Skavlan klokka 21.25 i kveld på NRK 1.