– Eg forstår at folk demonstrerer, men det skulle dei ha gjort i 2007 då Brasil fekk tildelt meisterskapet. Ikkje no når VM berre er dagar unna, sa 73-åringen.
– Det er heilt klart at vi treng pengane til skular, sjukehus og anna som Brasils folk treng. Men eg likar ikkje at protestantane øydelegg og brenn no – det er for seint, sa Pele.
Pele har sjølv delteke i fire VM med Brasil, og vunne tre av dei. No er han rådgjevar for arrangørane av VM i sommar.
På pressekonferansen fekk han spørsmål om han meiner dei omfattande protestane mot arrangementet er øydeleggande for VM.
– Ja, det er det. Eg veit at 25 prosent av dei som hadde planlagt å reise til VM, har avlyst reisa, seier Pele.
Forstår protestane
og rettar seg mot den enorme pengebruken til VM i eit land der fattigdomen er stor. Korrupsjon har både fordyra og forseinka førebuingane og utbyggingane. Pele har derfor forståing for protestane.
- Les:
– Eg åtvara mot problema allereie for seks år sidan. Vi visste at Brasil skulle arrangere VM, og no, mindre enn ein månad før VM, ser vi at arenaene enno ikkje er ferdige. Vi har mange problem, og det er ei skam, sa Pele.
Corinthians Arena i São Paulo, der opningskampen skal gå 12. juni, avslørte i helga at det framleis er mykje som manglar. Arenaen har allereie kosta nærmare tre milliardar kroner.
Generalprøven avslørte store manglar
Opningskampen søndag – som skulle vere generalprøven på den nye arenaen – avslørte så store manglar at det må jobbast intensivt og arrangerast ein ny kamp før Brasil møter Kroatia i VM 12. juni. Det gjer det endå dyrare.
To tribunesanksjonar med plass til 20.000 tilskodarar er ikkje godkjende av brannvesenet, og tryggingssona rundt stadion var mindre enn det FIFA krev.
– Det er heilt klart at fleire av arenaene har kosta meir enn dei burde, sa den gamle meisteren.
Ber folk støtte Brasil i VM
Han ber likevel folket støtte Brasil når VM kjem i gang.
– La oss då sjå bort frå politikarane og dei korrupte, som stal for å byggje arenaene, og heller støtte spelarane og landslaget som skal glede Brasil, sa Pele.
Som ikkje kunne dy seg:
– Hadde eg fått Guds gåve, skulle eg spela mot Uruguay i VM-finalen, sa Pele. Han sikta til den avgjerande kampen i VM framfor 200.000 på Maracana stadion i Rio i 1950 då Brasil var storfavoritt, men tapte 2–1 for Uruguay.
– Den sjansen ville eg svært gjerne hatt, sa Pele.