NRK Meny
Normal

Påstand: Qatar "kjøpte" 2022-VM

- Kanskje han trur han kan kjøpe FIFA på same måten som Qatar kjøpte rettane til VM i 2022, skreiv FIFAs generalsekretær Jerome Valcke i ein mail.

Qatar

- Mailen stadfestar at Qatar kjøpte VM i 2022, meiner Mohammed bin Hammam

Foto: FADI AL-ASSAAD / Reuters

Valcke stadfesta måndag at denne mailen, som omhandlar Mohammed bin Hammams president-kandidatur, er ekte.

Men Qatar reagerer sterkt på skuldingane . Dei sende måndag ettermiddag ut ei melding der dei tar avstand frå alle slike skuldingar, og seier at dei aldri har betalt for stemmer.

Qatar reagerer sterkt

- No avventar vi ei oppklaring frå Valcke, og vurderer rettslege steg, seier VM-arrangørane i Qatar.

Korrupsjonsfarsen i FIFA rulla dermed vidare med full tyngde måndag, dagen etter at FIFAs etiske komité Sepp Blatter vart frikjend for korrupsjons-skuldingane , medan Mohammed bin Hammam og Jack Warner framleis er under etterforsking.

"Når det gjeld MBH (Mohammed bin Hammam), har eg aldri forstått kvifor han stilte som presidentkandidat. Trur han verkeleg at han har ein sjanse, eller er det berre for å markere kor mykje han mislikar JSB (Sepp Blatter). Kanskje han trur han kan kjøpe FIFA på same måten som Qatar kjøpte VM 2022", siterte Warner frå mailen som generalsekrær Valcke har skrive.

Mohammed bin Hammam og Sepp Blatter

Då var dei kompisar: Mohammed bin Hammam ønskjer Blatter velkomen til generalforsamling i det asiatiske fotballforbundet i Doha i april

Foto: STR / Afp

Offentleggjorde privat mail

Den avgjerda i FIFAs etiske komité gjorde Warner såpass sint at han valde å offentleggjere ein privat mail Valcke tidlegare hadde sendt til ein FIFA-delegat.

Det er i den mailen Valcke skriv at Qatar kjøpte arrangementet av VM 2022. Valet av Qatar framfor favorittane Australia og USA var overraskande og vekte kraftige diskusjonar då det vart avgjort før jul.

Australia har seinare kravd nærmare 50 millionar dollar i erstatning for det dei meiner var avtalt spel. Også England har uttrykt mistankar om korrupsjon i samband med tildelinga av VM, og har trua med å trekkje seg frå alt FIFA-arbeid som ein konsekvens.

- Dette var ein privat email, og Warner har berre offentleggjort utvalde deler av den, seier Valcke.

Stilte som motkandiat

Hammam stilte som motkandidat til Blatter i valet av FIFA-president for neste periode, eit val som skal finne stad onsdag. Hammam vart, saman med visepresident Walker , skulda for korrupsjon, og etterforska. Dei to svara med å skulde Blatter for det same .

Søndag bestemte FIFAs etikk-komité at Blatter er fikjend for skuldingane, medan Hammam og Walker framleis er under etterforsking, og dermed suspenderte frå all aktivitet innan FIFA medan etterforskinga pågår.

- Blatter må stoppast

Det har fått Hammam og Werner til å sjå raudt.

- Blatter må stoppast. Den etiske komiteen var handplukka til å gjere ei oppgåve, og gjorde det, seier Warner.

- Komiteen sa at bevisa ikkje var sterke nok til å straffe meg. Derfor burde tvilen ha kome meg til gode, men i staden vart eg utestengd, seier Hammam.

På det tidspunkt var Hammam framleis presidentkandidat, men han trekte seg natt til søndag. Dermed er Blatter einaste kandidaten når FIFA skal velje president onsdag.

Generalsekretær Jerome Valcke er rekna for å vere Blatters høgre hand i FIFA-administrasjonen.

Dersom Blatter blir vald, tar han fatt på sin fjerde periode som FIFA-president. Han har hatt vervet sidan 1998.

Fotballnyheter