Årets offisielle VM-ball, «jabulani» blei slakta av spelarar og ekspertar allereie før VM var i gong.
- LES OGSÅ:
«Ustabil» er eit ord som går igjen blant dei mange som gir VM-ballen strykkarakter.No får kritikken bein å gå på.
Ei vindtunnellanalyse viser at ballen både svinger meir i lufta og bremsar fortare opp samanlikna med andre Adidas-fotballar.
– FIFA bør bli strengare
– Dette tek me sjølvsagt til etterretning, men først og framst gler me oss over at ballen skapar eit så stort engasjement. Per i dag er me godt nøgde med jabulani, seier landssjef i Adidas Noreg, Sigurd Granmark.
Det er ein dansk idrettsforskar frå Aarhus Universitet, som på oppfordring frå den danske nettstaden
, har gått vitskapelege vegar for å få svar på om jabulani er meir vinglete i lufta enn andre fotballar.- LES OGSÅ:
Professor i rørslevitskap ved NTNU, Gertjan Ettema, meiner FIFA heretter bør stille strengare krav til korleis VM-ballane oppfører.
– Ein fotballspelar bør kunne stille visse forventningar til korleis ballen beveger seg i lufta, seier professoren.
– Dårlegare fotball
Ettema er ikkje kjend med den danske forskingsanalysa, men seier spel med ein ustabil ball kan få konsekvenser.
– Spørsmålet er om den er uforutsigbar, eller om den berre er annleis. Om den er annleis betyr det berre at spelarane må bruke god tid på å vende seg til ballen sit rørslemønster. Men om ballen er uforutsigbar vil det gå utover kvaliteten på spelet, forklarer han.
Jabulani vs. Teamgeist II
I vindtunneltesten er Jabulani samanlikna med den tett beslekta familiemedlemmen frå Adidas, ballen Teamgeist II, som er ei vidareutvikling av den offisielle VM-fotballen frå VM i Tyskland i 2006.
- LES OGSÅ:
Forskarane har målt krafta som bremsar ballane, luftmotstanden, og kreftene som får ballen til å svinge fra side til side. Resultata talar for seg: jabulani oppfører seg annleis i lufta.
Ustabil med vilje?
«Som ein badeball» meiner målvakten til Spania, Iker Casillas. «Umogleg å kontrollere», seier serbiske Nemanja Vidic, og «den verste ballen nokonsinne» ifølgje trenaren til det engelske landslaget, Fabio Capello.
Midtvegs i meisterskapet har blant anna Robert Greens keeper-tabbe og brasilianske Douglas Maicón si scoring frå daud vinkel på ny sett søkjelyset på jabulani.
No florerer ryktene om at Adidas med vilje skal ha laga ein ustabil ball for å bidra til fleire sensasjonar under VM.
–Nei, det stemmer definitivt ikkje. Adidas skal ikkje ta eit så stort ansvar for korleis måla blir laga. Det er spelarane sin jobb, seier Granmark i Adidas Noreg.