NRK Meny
Normal

Slik skal det gjerast, gutar

Norge må kanskje slå Italia borte i siste kamp for å gå direkte til EM neste år. Oddsen er ikkje god – men det har faktisk skjedd før.

Kampen mellom Italia og Norge ble spilt 25.09.1985, men NRK sendte ikke kampen før 29.09.1985.

Norge møter Italia i Roma 13. oktober i den aller siste gruppekampen i kvalifiseringa, og det kan godt hende at Norge må vinne for å gå direkte til EM.

– Dei norske sjansane er større om Italia på det tidspunkt allereie er EM-klar enn om dei må ha eit resultat. Men siger er absolutt mogeleg, meiner Lars Bohinen.

Lars Bohinen

SLO ITALIA: Lars Bohinens finte var snakkisen då Norge slo Italia 2-1 på Ullevaal i 1991

Foto: Hanssen, Eystein / NTB scanpix

Han var målscorar då Norge vann 2-1 over Italia i EM-kvaliken i 1991.

Men det var på Ullevaal. Siger på italiensk jord har det norske landslaget klart berre ein gong.

Det er nokså nøyaktig 30 år sidan. Arne Larsen Økland og Vidar Davidsen snudde kampen, og Tor Røste Fossens norske landslag vann 2-1 over den regjerande verdsmeisteren i Lecce.

– Ja, vi beviste at det let seg gjere, seier Kai Erik Herlovsen. Han spela heile kampen i Lecce.

– Eg hugsar ikkje detaljar frå kampen, men meiner at det var ein fortent siger, legg han til. – Og så hugsar eg at det ikkje var serleg interesse heime før kampen. Det var ein privatkamp der alle venta at vi tapte. Men så vann vi, og dermed valde NRK å sende kampen fleire dagar etterpå, seier Herlovsen.

Ein einaste bortesiger

Men bortsett frå Lecce-kampen er Norges statistikk mot dei firdoble verdsmeistrane sørgjeleg lesnad. 16 møte har gitt berre tre norske sigrar. Og på bortebane har det berre blitt med den eine triumfen hausten 1985.

Og som om ikkje det var nok: Det er 15 år sidan Italia sist tapte ein kvalifiseringskamp heime. I 1999 vann Danmark 3-2 i Italia, sidan har italienarane vunne 32 kampar og spela seks uavgjorte på heimebane.

– Om vi må slå Italia i siste kamp, kan det bli vanskeleg. Men det er ikkje umogeleg. Sigeren mot Kroatia var sterk, seier Herlovsen.

Tre tap i VM

I tillegg er Italia det einaste laget som har slått Norge i VM-sluttspel – heile tre gonger:

  • 1938: 2-1 eeo i åttedelsfinalen
  • 1994: 1-0 i gruppespelet
  • 1998: 1-0 i åttedelsfinalen

To gonger tidlegare har Norge og Italia møttest i kvalifisering – til EM 1992 og VM 2006.

Bohinen-finta

Det var i den kampen Lars Bohinen drog finta som Per-Mathias Høgmo søndag sa vi kan gløyme etter Jo Inge Bergets mål mot Kroatia.

– Det må vel vere plass til fleire store stunder å hugse. Det eine treng ikkje gå på kostnad av det andre, seier Bohinen. – Men det Berget gjorde, var vakkert, legg han til.

Men først er det Malta heime. Den norske statistikken der er ein sterk kontrast. Sju av ni kampar har gitt norsk siger. Dei to andre enda uavgjort, og målskilnaden er solide 24-3.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.