Aalesund-tilhengjarane har enno ikkje kunna juble for siger i serien i år
Dei spelar periodevis bra, men klarar ikkje å omsette dette i poeng. Båe laga er nyopprykka og har brutalt fått merke skilnaden på dei to divisjonane.
Kvar ein feil blir utnytta av motstandaren. Ikkje berre tabbar, men også taktiske feil blir utnytta av dei meir rutinerte motspelarane. Det kan vere ting som å ikkje halde på ballen i sluttsekunda, ein prøver på ein flikk til medspelar der det hadde vore betre å halde ballen i laget. Ein mistar ballen og sekund seinare kan poenga vere tapt.
Ivar Morten Normark i Ålesund fekk mykje skryt før sesongen var i gang. Det var ein stor prestasjon å få dette laget opp frå 1. divisjon, mot alle odds. Det skal skje mykje gale før det blir noko krav om at han skal gå av.
Tromsø-trenar Trond Johansen
Verre kan det bli for min gamle motspelar Trond Johansen i Tromsø. I kampen mot Lyn var dei best, men kva hjelper det når søringane tok med seg alle poenga? Tromsø er ein fotballby som kokar både i med– og motgong. Heimekampen mot Vålerenga neste helg må vinnast for at Trond skal få arbeidsro.
Seglskuta Brann
I Bergen er det aldri arbeidsro. Det er ein del av sjarmen med Brann. Du snakkar om natt og dag-lag. 0–3 borte mot Aalesund blei for nokre rundar sidan til 3–3. Vitnar om sterk moral.
Denne runda blei 3–0-leiing mot Stabæk til 3–3 på heimebane. Brann opptrer som ei seglskute, heilt avhengig av vinden. Frå sterk storm til vindstille om omvendt. Mons Ivar Mjelde har verkeleg fått sitt å stri med i sin fyrste sesong som trenar.
Sogndal
Til slutt nokre ord om Sogndal. Eirik Bakke lanserar den eine kandidaten etter den andre på Sogndal som er modne for landslaget. Og ja, eg forventar at Semb tek med ein Stadheim, ein Buer Johansen eller ein Øren når privatkampane startar ut på seinsommaren.
Vi treng nytt blod inn i den norske troppen, frekke unggutar som kan riste i gamlingane. Vi står føre eit generasjonsskifte i norsk fotball, og unggutane på Fossehaugane står langt framme i køa.
Gode prestasjonar bør og skal premierast. Vonar at Semb vil mikse troppane utover, slik at 3–4 av disse kan få prøve seg på dette nivået. Eg trur ikkje dei vil skuffe oss.