– Reint fysisk er eg «fit for fight», nå treng eg berre meir speletid for å byggja relasjonar med dei andre spelarane, seier Vikings Patrik Ingelsten dagen etter han var med å senka Sogndal 4–1 på heimebane.
Svensken kom til Viking januar 2010 for åtte millionar kroner, som klubbens dyraste spelar. Han storspelte fram til han blei skadd sju månader seinare. Etter dette har vegen tilbake frå skaden vore tung og lang.
- Les og sjå video:
– Det var ein veldig fin kveld
– Det har vore 21 lange månader. Til tider har det vore veldig tungt, men andre gonger har det gått fint, seier Ingelsten.
Men trass opp- og nedturar, ein ting har alltid vore klart.
– Eg har alltid vore klar på at eg skulle tilbake. Trass tilbakeslag, har eg alltid vore viss på at eg ein dag skulle returnera, seier Ingelsten.
I dag er avisene fulle av lovord etter kampen i går, der han elegant lobba ballen over Sogndal-målvakta, men han bryr seg lite om kva pressa skriv.
– Eg veit kva eg har produsert, og korleis eg har prestert, det er heilt uinteressant kva som blir skrive, seier han
Målet gav meirsmak, men Ingelsten vil ikkje lova fleire.
– Eg har aldri gitt lovnader om mål i karrieren mi, det kjem eg heller aldri til å gjera. Men eg skal lova å gjera mitt beste for å laga fleire mål, seier han.
– Men det var kjekt i går?
– Jo det var ein veldig fin kveld, vedgår han audmjukt.
Sjå video:
– Trygt å gå på banen med Viking
Viking-trenar Kjell Jonevret er sjølvsagt også glad for at Ingelsten endeleg er tilbake.
– Alle veit at Patrik er ein dyktig spelar og god på å scora mål. Den einaste grunnen til at han ikkje har laga mål på så lang tid er at han har vore skadd, seier Jonevret.
Han har hatt ei knallopning med Viking dei seks første kampane av årets eliteserie. Dei mørkeblå ligg nå på tredjeplass, berre eitt poeng bak topplaga Aalesund og Strømsgodset.
Ingelsten ser svært lyst på situasjonen i klubben nå.
– Me er svært gode defensivt med ei god forsvarsrekkje, og me har eliteseriens beste målvakt. Offensivt har me også gode spelarar, som me veit kan scora mål. Derfor kjennest det trygt og godt å gå ut på banen for Viking nå, seier han.
– Klarer me å fokusera på ein kamp om gongen trur eg me kan gå ei veldig god tid i møte, avsluttar svensken.