Robbie Keane har skrive under ein kontrakt på fem år med Tottenham. Den irske landslagskapteinen blir dermed i Nord-London til 2012.
Keane har hatt ein særs god sesong i Spurs, som endte på femteplass. Iren scora i alt 22 mål.
- Eg føler meg verkeleg heime og lukkeleg i klubben. Det er sannsynlegvis grunnen til at eg har hatt ein framifrå sesong, kanskje min beste nokon gong. Det seier Keane til Tottenham si offisielle heimeside.
Frå før har Tottenham signert lange kontrakter med unge spelarar som Tom Huddlestone, Aaron Lennon, Michael Dawson og Gareth Bale. Klubben jobbar óg med å forlenge kontrakten til toppscorar Dimitar Berbatov.