– Forma er sånn 60–70 prosent av topp. Den er «okay». Men det handlar om å få dei fire framfor til å hindre at det kjem skot på mål. Så lenge eg får gjort det skal eg klare å stå bak der, fortel Jon Knudsen til NRK.
- Les også:
Uheldig Origi
Origi er ute av spel i fleire veker framover, etter at han braut ein finger i høgrehanda i
Tidlegare i sesong har han vore ute på grunn av eit fingerbrot i venstrehanda.Tilbake for Lillestrøm er Kenneth Udjus, etter at han i mai skada skuldra. Han valde å ikkje operere skuldra, men i staden trene seg så frisk som råd.
Keepersituasjonen er dermed langt frå optimal for LSK.
Sikra eventuelt cupgull
Knudsen fyller 39 år i november og la eigentleg keeperhanskane på hylla etter fjorårets sesong med Fredrikstad. Med keeperkrise i Lillestrøm har det derimot blitt to cupkampar så langt for veteranen.
– Så eg er sikra cupfinalen uansett om Lillestrøm kjem seg dit. Draumen i år blir å snike seg opp på kongetribunen, flirer Knudsen.
Keeperen frå Høybråten i Oslo er no på kontrakt med LSK, og lisens til Eliteserien er ordna, fortel 38-åringen.
– Dette var ikkje i mine tankar i fjor i alle fall.
– Det blir rart å sitje på benken, men samstundes så har eg fått ein fin pause no, så eg ser det positive i å vere med. Skulle noko skje så eg ta det som det kjem, seier keeperen.
– Har såpass sjølvinnsikt
Knudsen sjølv er derimot klar på at han håper absolutt ingenting skjer med Kenneth Udjus mot Strømsgodset måndag.
– Eg har såpass sjølvinnsikt at eg forstår nivå eg ligg på. Eg er ikkje nær av det Kenneth Udjus gjer, men eg er ein grei og rutinert backup.
– Er du nervøs for at det vil skje noko?
– Det ville i så fall blitt veldig spennande å sjå korleis eg tek nivået igjen – om noko skulle skje, seier Knudsen til NRK.
Keeperen blir med fram til Arnold Origi er klar igjen, og det kan fort gå tre til fire veker.
– Er det godt mogleg vi får sjå Jon Knudsen i Eliteserien igjen?
– Nei, eg håper ikkje det, avsluttar ein humrande Knudsen.
Under kan du sjå bildeserien frå då ein trudde Jon Knudsen hadde lagt keeperhanskane på hylla: