– Her handlar det om å få fram ein kandidat som har kraft til å endre, seier Yngve Hallen. Han og hans nordiske kollegaer har invitert FIFAs presidentkandidatar til utspørjing.
– Vi i Norden vil invitere alle FIFA-kandidatane til København, slik at vi kan finne ut kva dei står for, seier Danmarks fotballpresident Jesper Møller.
Opplegget i København er eit felles nordisk arrangement, som truleg blir gjennomført i løpet av november.
– Vi gjorde det same før førre kongress (i mai), og det er mange ting vi vil spørje om, skriv NFF-president Yngve Hallen i ein sms til NRK.
Kraft til endringar
Han legg til at det vikigaste er å få fram ein presidentkandidat som har vilje og kraft til å gjere endriingar.
Danmarks fotballpresident orinterte om invitasjonen under ein konferanse i Aarhus.
– I mai inviterte vi dei aktuelle kandidatane hit, og det fungerte godt. Dette er demokrati. Derfor vil vi gjere det same no, seier Møller til NRK.
Han er også klar på kva han vil med desse samtalene.
– Då kan vi finne ut kva dei står for, kva deira visjonar og haldningar er, og stille spørsmål.
– Vi ventar no berre kven som blir godkjende som kandidatar, så vil vi invitere dei til møte, seier Møller.
Åtte presidentkandidatar
Åtte kandidatar ønskjer å bli ny FIFA president etter Sepp Blatter. I går gikk fristen for å melde seg som kadidat ut.
– Trur du alle vil møte?
– Ja, det trur eg.
– Er det ein fordel eller ei ulempe å ha bakgrunn i FIFA?
– Det spørst kva for bakgrunn det er snakk om. Det er godt å kjenne FIFA frå innsida og ikkje vere heilt uførebudde. Men dei skal heller ikkje vere altfor sausa inn. Det er ein balansegang, det er ikkje svart-kvitt, seier Jesper Møller.
Presidentvalet i FIFA skal haldast 26. februar neste år. Før det skal kandidatane gjennom ein intens valkamp, og Møller meiner det kan være nyttig at presidentkandidatane kjem til København i forkant av den tid for å presentere sitt program.
Reformvilje er det vikigaste
– Kva er det viktigaste for ein ny president, slik du ser det?
– Reformer. Det er det same for meg kven som blir president, berre han er villig til å innføre reformer. Nok er nok, vi må reformere og utvikle FIFA nå.
Dei nordiske landa samarbeider tett i spørsmål knytta til FIFA. Men Møller understrekar at det ikkje betyr at de kjem til å stemme på same kandidat.
– Det er ikkje hovudpoenget, det er å få fram kva dei står for. Og då gjer vi det best samla, vi i Norden har felles verdigrunnlag. Men den dagen vi skal stemme, stemmer vi individuelt, seier Møller.
Møller sa at han er glad for å ha ein plan B.
– Med det meiner eg at vi har ein god kandidat frå Europa sjølv om suspensjonen av Michel Platini ikkje blir oppheva før valet, sa han, og sikta til at Gianni Infantino i går melde seg som kandidat.