Tevez vil bli intervjua av Manchester Citys disiplinærkommite, fortel den britiske avisa The Guardian.
Argentinaren er av klubben suspendert i to veker etter at han skal ha nekta å gå på banen i meisterligamøtet med Bayern München i førre veke.
Får ikkje ta med advokat
Enno har han ikkje gitt nokon detaljert forklaring på kva som eigentleg skjedde.
– Dette er ikkje det rette tidspunktet for å gå i detalj om kva som skjedde, men eg vil spesifisere at eg aldri nekta å spele, sa Tevez i førre veke.
Det er uvisst kor avhøyret finn stad, skriv Guardian. Sidan dette er ei intern gransking vil ikkje Tevez få ha med advokat til møtet.
I staden får han ein oversetjar på sida når han skal forklare kvifor han ikkje kom på banen i 2-0 tapet mot Bayern München.
Skal tilbake til Argentina
Manager Roberto Mancini har sendt inn ei klage etter episoden, og kom med følgande utsagn etter møtet i meisterligaen.
– Eg er veldig skuffa fordi det er Carlos. Dette kan ikkje skje i en toppklubb, å nekte å gå på banen å hjelpe laget sitt, sa Robert Mancini ifølgje Reuters.
– Kva eg sa til Carlos er mellom meg, han og laget. Men viss vi vil førebur oss som eit lag kan ikkje Carlos spele med oss. Han er ferdig, sa Mancini.
Tevez har også fått lov til å reise tilbake til Argentina, så lenge han er tilbake i Manchester innan suspensjonen sluttar 12. oktober.