Kampfakta:
I sesongen som gjekk vann Barcelona Primera División med 100 poeng, 15 framfor Real Madrid. I serieopninga mot Levante sende katalanarane eit realt skremmeskot i retning Madrid.
Lionel stod over landskamp for Argentina mot Italia, og har stått over kampar i oppkøyringa. Eit vondt lår har vore problemet.
Mot Levante var derimot superstjerna tilbake i aksjon, og med to scoringar og enormt med involveringar leia han Barcelona til 7-0-siger.
Sjå resultat og tabell:
Opna ballet etter tre minutt
Levante blei for statistar å rekne, for Barcelona hadde få problem med å få ballen i mål. Igjen og igjen og igjen.
1–0 kom etter tre minutt ved Alexis Sanchez, før Messi scora 2–0 etter 12 minutt. Daniel Alves, Pedro, Messi og Xavi Hernandez følgde opp, og 6–0 var faktum halvvegs.
I andre omgang scora Pedro 7–0 etter 73 minutt. Levante på si side noterte seg i dommarblokka ved tre høve med tre gule kort.
Ingen kioskveltarar laurdag
Øvste nivå i Spania blei hadde derimot avspark laurdag med tre kampar. Ingen av resultata sjokkerte nemneverdig.
Fjerdeplassen i sesongen som gjekk, Real Sociedad, slo Getafe 2–0 heime, medan Athletic Bilbao slo Real Valladolid 2–1 borte.
Valencia, som blei nummer fem, slo 2012/13-sesongen sin nummer seks, Málaga 1–0 på eige gras.
Det holdt på å gå galt for Real Madrid i den spanske serieåpningen, men Isco ordnet opp og gjorde 2-1 like før slutt hjemme mot Betis søndag.