– Eg hadde aldri drøymt om at eg skulle spele kamp etter fem veker.
Ein smilande Tom Høgli møter NRK rett etter treningskampen som blei sett opp eine og aleine for å få testa landslagsspelaren før dei to playoff-kampane mot Ungarn.
Dei siste vekene har 31-åringen vore ute med eit brot i ein ryggvirvel og nå hasta det med å bli klar før landslagstroppen blir tatt ut i morgon.
I kveld trengde Høgli berre ein omgang på å overtyde FC Københavns medisinske team.
– Me har erklært han frisk så han er klar til å spele i helga og klar for landslaget, seier FC Københavns medisinske ansvarlege, David Cosgrave til NRK i pausen.
Tilbake ei veke før han trudde.
Før kampen trudde ikkje Høgli han kom til å spele 90 minutt av treningskampen mot 1.-divisjonslaget mot Helsingør. Men da dommaren blåste av for fullt tid og 2-1 sigeren var eit faktum, var Høgli framleis på banen.
– Det blei meir enn forventa. Det hadde eg ikkje trudd på førehand, veldig artig å vere tilbake, seier Høgli som blei skada i slutten av september og rekna med å vere ute i seks veker.
– Kjente du ikkje noko til skaden?
– Jo, dei siste 25 minutta begynte eg å stivne litt i ryggen. Det var då eg eigentleg skulle bli bytta ut, men eg følte på meg at det her kunne gå greitt. Det her ser veldig oppløftande ut
.
Reknar med å vere klar
Til helga reknar Høgli med å vere tilbake i den kvite FCK-drakta. Med dei svært viktige playoff-kampane mot Ungarn halvanna veke unna har nordlendingen håp om å få spele også dei.
– Om eg spelar veit eg ikkje, men eg er iallfall klar til å bli tatt ut og kan vere eit alternativ. Nå føler eg meg klar til å spele, men viss eg føler det ikkje er forsvarleg så seier eg ifrå.
– Du stod på dagens eksamen?
– Ja, godkjent pluss, smiler landslagsbacken.