Hopp til innhold

Her er Rekdal sine utblåsingar

«Norges mest bedritne publikum», «ha deg vekk, din alkis» og «jævla idiot» er berre nokre av utbrota til avtroppande Aalesund-trenar Kjetil Rekdal dei siste åra.

Kjetil Rekdal

OVERSKRIFTER: Kjetil Rekdal er kjend for ei rekkje utblåsingar mot både media, eigne spelarar, motspelarar og dommarar.

Foto: Scanpix

Kjetil Rekdal er ofte i hardt vêr og er nok meir frittalande enn nokon annan fotballtrenar i Norge.

Også i tida som Aalesund-trenar har trenaren komme med ei rekkje sleivspark. Måndag fekk Rekdal beskjed om at han er ferdig i Aalesund.

Forholdet mellom klubbdirektør Henrik Hoff og Kjetil Rekdal har vore betent den siste tida. Hoff ville ikkje kommentere dette på ein pressekonferanse tysdag.

Rekdal deltok ikkje på pressekonferansen.

Kaptein Daniel Arnefjord innrømte på pressekonferansen at det har vore mykje blest rundt Aalesund med negativt forteikn denne sesongen.

– Alle som har fulgt med AaFK i media har vel sett all negativiteten. For å seie det slik - det er veldig godt at 2012 no er over, og at vi kan samle kraft og forhåpentlegvis få ut potensialet vi har i spelargruppa og byen. Spelarane støttar styret si avgjerd i saka, sa Arnefjord.

Både dommarar, trenarkollegaer og spelarar på både eige lag og motstandar har måtte tole kraftsalver frå den tidlegare landslagsspelaren. Vi har plukka ut nokre av dei.

«Ha deg vekk, din alkis»

Den kanskje mest kjende episoden fann stad på Brann stadion 25. juni 2009. Brann hadde slått Rekdals menn 2-1. Aafk-trenaren var irritert etter ein straffesituasjon. Eirik Bakke meinte at Rekdal måtte konsentere seg meir om sitt eige lag og slutte å syte, noko Aalesund-trenaren likte særs dårleg.

– Du treng ikkje stå der og seie at vi filmar når vi ikkje filmar. Du får sjå det på TVen. No orkar eg ikkje å snakke med deg meir. Ha deg vekk, din alkis, sa Rekdal.

Kjetil Rekdal
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Sjå Kjetil Rekdal kalle Eirik Bakke alkis.

Truga med sparking

Etter cuptapet mot Løv-Ham i 2010 koka det igjen over for Rekdal. Men denne gangen var det eigne spelarar som fekk svi. Rekdal var rasande etter å ha tapt 1-2 mot 1. divisjonslaget Løv-Ham. Trenaren truga med å sparke fleire spelarar.

– Det er enkelte som skal på hovudet ut, for å seie det slik, kontrakt eller ikkje, sa Rekdal til Sunnmørsposten.

Kjetil Rekdal og Sten Grytebust

KEEPERKRITIKK: Kjetil Rekdal var særs kritisk mot AaFK-keeper Sten Grytebust etter kampen mot Brann i år.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
Kjetil Rekdal

KRITISK: Kjetil Rekdal har ei rekkje gonger vore særs kritisk i media.

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

– Eg er rett og slett utslått. Eg var så sint i pausen. Hadde eg ikkje gått ut i pausen, hadde eg røke på enkelte spelarar, sa han.

Rekdal har ei rekkje gonger komme med hard kritikk av eigne spelarar. Keeper Sten Grytebust fekk passet sitt påskrive etter ein tabbe i oppgjeret mot Brann, som Aalesund tapte 1-2 i år.

Keeperen prøvde å setje spelet raskt i gang då ballen hamna i beina på Rudolph Austin, som gjekk rett på mål og scora.

– Ein kan jo eigentleg like godt berre kaste ballen inn i sitt eige mål. Han utfordrar skjebnen i den situasjonen, og kvifor? Det er 0-0, rett før pause. Dette må han lære seg, og eg har sagt til han at presset på han og på oss vil auke for kvar gang det skjer ein slik tabbe, sa Rekdal til VG.

Rasa mot Skiri

I november i år var Rekdal særs kritisk mot Amund Skiri. Midtstopparen hevda at spelarane i Aalesund mangla «glede og motivasjon» etter fleire tap på rad. Det fekk Rekdal til å sjå raudt, sidan Skiri hadde vore skada i lang tid.

– Det er meget merkeleg at ein spelar kan seie at det er mangel på motivasjon og glede når han har vore skada i to år, nesten ikkje har kunne bidra og har heva høg løn, sa Rekdal.

Rekdal har også gått hardt ut mot lokalavisa Sunnmørsposten. Det var i september i år at ein sportskommentator stilte spørsmål om Rekdal sin krevjande leiarstil skremmer aktuelle spelarar vekk frå klubben.

– Skriv kva faen de vil. De skriv berre piss uansett, sa Rekdal.

– Grev si eiga grav

Til NRK.no utdjupa Rekdal kritikken.

– For det første er det stort sett feil alt som står i kommentarane. Eg tykkjer det er frykteleg synd at lokalavisa er så dårlege i journalistikken sin. Dei skapar negative følgjer for folk som er interesserte i AaFK, sa Rekdal.

– Sunnmørsposten grev si eiga grav med måten dei står fram på. Der er ikkje hald i ting. Men ein journalist som vil skrive negativt vil alltid finne noko negativt. Der er alltid nokon som er skuffa eller misnøgde, sa den tidlegare AaFK-trenaren.

«Norges mest bedritne publikum»

Kjetil Rekdal

FOSSHAUGANE: Kjetil Rekdal var sint på Sogndal-publikummet etter ei rekkje skjellsord og etter at ein supportar kasta eit pappkrus på han.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Etter ein kvalifiseringskamp mot Sogndal i 2008 var Rekdal forbanna på heimepublikummet på Fosshaugane Campus. Etter å ha slått laget frå saftbygda 4-1, kasta ein heimesupportar eit pappbeger i ryggen på Rekdal.

I tillegg hevda trenaren at han fekk retta fleire skjellsord mot seg. Han skildra mellom anna Sogndal-fansen som «norges mest bedritne publikum».

– Det er nærast det verste eg har opplevd. Det er andre gang eg har blitt sjikanert og fornærma på det grovaste. Skal det vere slik, fortener dei ikkje betre. Det er straff som fortent at dei blir knust 4-1, sa Rekdal.

Trenaren svara publikum med å vise fingeren.

Under La Manga-opphaldet i januar i år fekk ei grisetakling frå ein Twente-spelar Rekdal til å svare med svenske-gloser. Rasmus Bengtsson fekk raudt kort for ei stygg takling på Fredrik Ulvestad. Etter kampen var Rekdal særs irritert på den svenske fotballspelaren.

– Den taklinga er heilt horribelt stygg. Eg er sjokkert over at nokon kan takle slik i ein treningskamp. Eg sa til han at han var ein jævla svenske, og det var ikkje Twente så nøgde med, sa Rekdal til Sunnmørsposten.

Fotball

  • Nusa fortsatt skadeplaget – mister ny Brugge-kamp

    Antonio Nusa (18) har ikke hentet seg inn etter ryggskaden. Han går glipp av Brugges kamp mot serieleder Gent i den belgiske toppdivisjonen torsdag.

    Tenåringen leverte tidligere i september svært godt på sin første samling med A-landslaget. Han storspilte og sjarmerte Ullevaal-publikummet med mål mot Jordan og to assister mot Georgia.

    Torsdag mister han sin tredje strake kamp for Brugge med en ryggskade når serieleder Gent står på motsatt side, bekrefter klubben på sine nettsider.

    Tidligere i uken uttalte trener Ronny Deila at han venter Nusa tilbake om ikke så lenge.

    – Det er ingen alvorlig skade. Vi tar det dag for dag. Jeg forventer at han snart er tilbake, sa Deila på en pressekonferanse tirsdag.

    Oppgjøret mot Gent er viktig for Brugge, som med seier bare er poenget bak og i tillegg har én kamp mindre spilt.

    Hugo Vetlesen er med i Brugges tropp. (NTB)

    Antonio Nusa
    Foto: BRUNO FAHY / AFP
  • Holmgren Pedersen bidro til å snu kampen mot Inter Milan

    Inter fikk sitt første tap med 1-2 hjemme mot Sassuolo i den italienske toppserien Serie A.

    Hammerfestingen Marcus Holmgren Pedersen kom inn for gjestene ved pause og var med på å vende 0-1 til seier, mens Kristian Thorstvedt og Emil Konradsen Ceide var ubenyttede reserver.

    Sassuolo ligger på 8. plass etter seks serierunder.

    Marcus Holmgren Pedersen
    Foto: Antonio Calanni / AP/NTB
  • Glimt-profil mister cupsemifinalen mot Vålerenga

    Bodø/Glimt må klare seg uten Brice Wembangomo når det skal kjempes om cupfinalebillett mot Vålerenga i Oslo torsdag.

    Det er Avisa Nordland som onsdag melder at Wembangomo ikke var med da Glimt-troppen satte seg på flyet til hovedstaden.

    Høyrebacken pådro seg en skade i seriekampen mot Vålerenga søndag og ble ikke friskmeldt i tide til cupoppgjøret mot samme motstander.

    Tidligere denne uken ble det også kjent at Runar Espejord er uaktuell i lengre tid som følge av en skade. (NTB)

    Brice Wembangomo
    Foto: Alessandro Crinari / AP
  • Skandalekamp fullført med ny Ajax-baklengs – kaoset i storklubben fortsetter

    Fotballstorheten Ajax røk 0-4 for Feyenoord i den avbrutte kampen i den nederlandske æresdivisjonen onsdag. Samtidig røk en ny leder ut dørene i Amsterdam.

    Det råder kaos i Ajax-leiren. Nylig fikk teknisk direktør Sven Mislintat sparken, og onsdag ble det opplyst at også styreleder Pier Eringa forlater sin post.

    Samtidig ble søndagens storkamp mot Feyenoord, som måtte avbrytes som følge av tribunebråk, fullført. Kampen ble gjenopptatt på stillingen 3-0 til Feyenoord.

    I løpet av de 36 minuttene som gjensto å spille røk Ajax på ytterligere et baklengsmål, slik at stillingen til slutt ble 0-4. Storklubben fra Amsterdam er i krise.

    – Spesielt når det ikke går bra, er det viktig å være der som rådgiver. Men jeg er ikke døv for kritikken og ikke blind for situasjonen Ajax er i nå, sier avtroppende styreleder Pier Eringa i en uttalelse.

    Ajax har startet sesongen med kun én seier, to uavgjorte kamper og to tap. (NTB)

    Ajax
    Foto: OLAF KRAAK / AFP