- Les også:
– Eg trivst veldig godt i LSK med spelarane, støtteapparatet og resten av klubben. Difor, etter å ha vurdert alt saman med mi familie, har eg kome fram til at vi køyrer vidare på Åråsen, seier Haglund til LSK.no.
Tidlegare i veka blei han lenka til svenske Malmö, noko LSK-trenaren då gjekk ut og delvis avviste.
– Det er gode sjansar for at eg blir i LSK, sa Haglund torsdag.
No har han altså forlenga med klubben – like før laget sin heimekamp mot nedrykkstruga Tromsø.
Bjarmann: – Førstevalet vårt
Svensken kom til Romerike i 2012, og har vore hovudtrenar dei siste to sesongane. I Haglund sin første sesong bak rattet blei det 9. plass. Med to rundar igjen av Eliteserien 2013 ligg Lillestrøm igjen på 9. plass.
Torsdag ville ikkje Haglund slå fast at han blei i LSK, men sportssjef Torgeir Bjarmann var tydeleg på kva klubben ønskte.
– Han er førstevalet vårt. Vi har gjeve han eit kontraktstilbod som han har hatt god tid til å vurdere, sa Bjarmann til NRK.
Det sportslege, økonomi og familiesituasjon ville bli avgjerande, har svensken sagt, og i dag søndag forlenga han altså med klubben.
Han har skrive kontrakt ut 2014, med opsjon på endå eitt år.