Det starta så bra for Island i Sveits. 0–1 etter berre tre minutt, signert AZ Alkmaar-spelar Johann Berg Gudmundsson.
Så skjedde det mange venta av gruppeleiaren i Noreg si VM-kvalikgruppe: Sveits snudde kampen.
Utlikning 1–1 etter 15 minutt, signert Stephan Lichsteiner. 2–1 etter 27 minutt ved Fabian Schär, før Lichsteiner sende 3–1 i nettet like etter.
I andre omgang kom 4–1 på straffe etter 54 minutt, og absolutt alt såg køyrt ut for Island – på bortebane mot sterke Sveits.
Klarte det umoglege
Så starta opphentinga, og dei reduseringane kom kjapt.
Først sette Kolbeinn Sigthorsson inn 4–2 i det 56. minutt – håpet var tent. Så beina Berg Gudmundsson inn 4–3 etter 68 minutt – scena sett for dramatikk.
Dei attverande dryge 20 minutta blei eit hardkøyr for Sveits. Med siger ville laget vere så å seie klare for VM, med 17 poeng opp mot Noreg sine 11 på andreplass i gruppa.
Med tap var gruppesigeren litt meir usikker for sveitsarane.
Og så, på overtid: Kven andre enn 22 år gamle Berg Gudmundsson, og 4–4 og ei absurd opphenting sikra uavgjort for islendingane.
I den siste kampen i Noreg si gruppe blei det 1-0-siger for Slovenia heime mot Albania. Det var til god hjelp for Noreg som gjekk forbi Albania som låg på kvalikplass før kampen.