Norges Fotballforbund, i kompaniskap med Utanriksdepartementet, vurderer å starte eit fotballprosjekt i Irak. Målet er auka forsoning mellom ulike etnisitetar i landet. Egil Olsen sitt engasjement som Irak-trenar har gitt landet merkseimd.
- Vi har snakka med Egil, som har halde oss orientert undervegs, og vi er i dialog med UD om eit slikt prosjekt i Irak. Det seier generalsekretær Karen Espelund til Aftenposten.
Utanriksdepartementet positive
Forbundet samarbeidar i dag om fleire liknande arbeid andre stadar i verda, som til dømes på Balkan og i Kaukasus. Utanriksdepartementet ventar på ei henvending frå fotballforbundet når det gjeld Irak.
- Det viktigaste for oss er at fotball no har ein høg profil i Irak, takka vere suksessen til landslaget. Men Drillo er eit tilleggselement som gjer det enno meir interessant. Det seier Johan Vibe, spesialrådgjevar i UD og leiar for fred- og forsoningsseksjonen.
Egil Olsen sjølv tykkjer arbeidet er positivt og håper arbeidet blir noko av.