For ei eldgammal lov hindra lenge fotballkampar på søndagar på balløya. Den lova klarte fotballen å snike seg rundt på ein spesiell måte. Og sidan har søndagsfotball vore ein suksess, også i konservative England.
Det er i år tiande året på rad at heile avslutningsrunden i Premier League går på ein søndag.
Og ikkje berre det. Søndagen er også elles i året den store dagen i Premier League. Tv-selskapa plukkar ut storkampane som søndagsunderhaldning. Slikt er det ingen som reagerer på i dag.
Men det fanst eit tid det var ein umogeleg tanke. Og det var ei energikrise som tvinga fotballklubbane til å tenkje kreativt for å kome rundt forbodet.
Går du meir enn 40 år tilbake i tid, var dagens avslutningsrunde i Premier League eit scenario som det knapt var mogeleg å forestille seg. Det var nemleg forbode ved lov å arrangere fotballkampar på søndag i fotballens heimland.
Lov frå 1780
Boxing Day, første juledag, langfredag – då var det OK med fotballkampar. Men aldri på ein søndag.
Årsaka var ei lov frå 1780 (!).
slo fast at «Lord's Day» skulle haldast fri for offisielle og kommersielle arrangement.Lova slo fast at teaterframsyningar og konsertar var ulovlege på søndagar, og sette strenge reglar for opningstidene for pubane. Butikkane skulle halde stengt. Etter kvart som åra gjekk og fotballen kom til som organisert aktivitet, fall også den inn under forbodet – saman med arrangement som til dømes kinoframsyningar.
Derfor var det ikkje spela ein einaste profesjonell fotballkamp på søndagar i løpet av dei første 85 sesongane med ligafotball, eller dei første drygt hundre åra med FA-cup.
Ikkje ein einaste!
Midtausten-krig vart vendepunktet
Årsaka til søndagsfotballen: Energikrisa i Storbritannia førte til forbod mot fotball i flaumlys. Dermed måtte det kreative løysingar til
Foto: Jeff J Mitchell / Reuters CreativeMen hausten 1973 skjedde det noko som skulle snu opp ned på dette.
Fleire arabiske land gjekk til angrep mot Israel 7. oktober. Arabarane var ikkje nøgde med Vestens reaksjon i den såkalla
, og sette i verk ein merkbar reduksjon av oljeleveransar til vestlege land.. For Storbritannia var det dessutan ikkje slutt med det: Samstundes gjekk nemleg kolgruvearbeidarane til gå sakte-aksjon, og seinare full streik, den hausten og vinteren.
Dette gjekk hardt ut over el-produksjonen på øyriket. Store deler av næringslivet måtte gå over til tredagars arbeidsveke, tv-stasjonane måtte stanse sendingane sine kl. 22.30, og privathushaldningar måtte tole el-kutt og straumlause periodar kvar einaste dag.
– Dette er omtrent som under krigen, det er berre bombene som manglar, sa ein London-innbyggjar.
Måtte spelast i dagslys
I dette biletet var naturleg nok ikkje fotballen ei prioritert oppgåve. Flaumlys på banene var totalforbode. Kampane måtte spelast i dagslys.
Men midtvinters er det ikkje mykje dagslys på dei britiske øyane. Kampane måtte spelast midt på dagen, og det var mildt sagt lite gunstig for publikumsframmøtet. Spesielt kampane midt i veka. Billettinntektene var alfa og omega for klubbane på den tid, tv-inntektene var enno berre for ei beskjeden biinntekt å rekne.
Publikumssvikten var derfor tung å bere. Ein søknad om å forlenge sesongen til ut i juni, vart avslått. Det skulle vere VM til sommaren. England var rett nok ikkje med der, men Skottland var. Derfor måtte sesongen avsluttast som planlagt.
Kreativt «billettsal»
Det historiske programmet frå Millwall – Fulham 20. januar 1974 – den aller første søndagskampen i engelsk ligafotball
Foto: MillwallGode råd er vanlegvis dyre. Men ikkje her. Tanken om fotball på søndag, når folk hadde fri og kunne gå på kamp også midt på dagen, var nærliggande.
Problemet var at det altså var ulovleg.
Men teksten i lova frå 1780 gav ei opning:
Det var nemleg ikkje ulovleg å spele fotball på søndagar. Begrepet «The Sunday League» hadde eksistert i lang tid, og dreia seg om publag og andre amatørlag som spela fotball i parkar og på opne flater rundt omkring i landet.
Det som var ulovleg, var å ta inngangspengar for arrangement. Ein kamp utan billettsal ville vere lovleg. Men det ville ikkje gi klubbane andre inntekter enn sal i kioskar og pubar.
Og sal av program. Det var her eit lyst hovud såg løysinga:
Dersom du selde program berre ved inngangane, la på prisane tilsvarande billettprisane, og kravde program for å sleppe folk inn. Då ville billetten i prinsippet vere gratis. Kunne det vere ein ide for å kome rundt lovforbodet?
Det kunne det. At prisen på programma varierte etter kva tribuneseksjon du skulle inn på, såg styresmaktene mellom fingrane med. Og FAs generalsekretær Ted Crocker var begeistra for idéen.
«Fotball er ein idrett for alle, og vi bør kunne gi folket det dei vil ha når dei ønskjer det», sa Crocker då han tok imot ideen.
Trykte ikkje opp nok program
Like før jul gav FA grønt lys, og 6. januar spela Cambridge og Oldham den aller første profesjonelle fotballkampen på ein søndag i England nokosinne. Kampen enda 2-2, og 8479 tilskodarar møtte fram på Abbey Stadium i universitetsbyen. Det var med god margin sesongens største tilskodartal for Cambridge United.
Tre andre cupkampar vart også spela den dagen. Nesten 40.000 møtte fram for å sjå Bolton slå Stoke 3-2, dobbelt så mange som Bolton hadde i gjennomsnitt på jheimekampane sine den sesongen. Om alle som kom inn betalte, er det ingen som veit. For Bolton hadde ikkje trykt opp nok program til kampen ...
Søndags-forbodet var brote, trass i den stadig gjeldande lova frå 1780.
Nokre dagar etterpå godtok også The Football League litt motvillig søndagsfotball, og 20. januar klokka 11.30 møttest andredivisjonslaga Millwall og Fulham til den aller første ligakampen på ein søndag.
«Det var neppe tilfeldig at dei la kampen så tidleg på dagen. Dei forstod nok at dette ville skape ekstra merksemd i media», skreiv ein Millwall-supporter i
når han såg tilbake på denne dagen.Søndags-suksess
Eit lite apropos: Også i Noreg var oljekrisa vinteren 1973/74 merkbar. Ein konsekvens var forbod mot bilkøyring frå laurdag ettermiddag og resten av helga. Slik såg det ut på Ringveien rundt Oslo ein søndag i desember
Foto: Scanpix / NTB scanpixTotalt 12 ligakampar vart spela denne søndagen, men alle var i dei tre nedste divisjonane. Først søndagen etter gjekk den første søndagskampen i 1. divisjon – Stoke slo Chelsea 1–0 framfor 32.000 tilskodarar.
Søndags-suksessen heldt fram utover vinteren. Opptil 17 kampar var spela på ein einaste søndag, og det var dei lågaste divisjonane som nytta seg mest av dette. I 4. divisjon gjekk nesten heile serierundane på søndagar utover seinvinteren.
Siste helga i januar spela for sikkerheits skuld Darlington heimekamp både laurdag og søndag. Mot Stockport (1–1) midt på dagen laurdag kom det 1533 tilskodarar, mot Torquay (0–0) midt på dagen søndag kom det 3054 – dobbelt så mange.
Søndagsfotballen heldt det gåande fram til 24. mars. Då varte dagslyset såpass lenge at FA og ligaen sa nei til meir fotball på søndagane.
Arsenal-motstand
Søndags-eksperimentet var likevel ikkje berre tatt godt imot. Arsenal-direktør Bob Wall var den mest negative: «Å spele fotball for å tene pengar på søndag er feil. Vi vil ikkje forstyrre freden og roa i nærleiken av Highbury den dagen», sa han.
Heller ikkje ligaens mektige generalsekretær Alan Hardaker var vidare begeistra for søndagsfotball. Han meinte at det var nyheitsinteressa og manglande konkurranse frå andre kampar i nærleiken som førte til den store publikumstilstrøyminga.
Men han sa likevel under tvil ja til søndagsfotball, på grunn av energikrisa.
Heller ikkje blant spelarane var det berre lovord om søndagsfotball. Nokon snakka halvhøgt om å nekte å spele på ein kyrkjeleg dag.
«Men eg trur ikkje det var den reelle grunnen. Det var ikkje mange av spelarane som vanlegvis gjekk til kyrkje uansett. Eg har ein mistanke om at grunnen var at dei mista sjansen til å gå på byen ein laurdagskveld», skriv bloggaren i
.Sju år til neste søndagskamp
Uansett førte motstanden mot søndagsfotball til at eksperimentet ikkje vart vidareført dei neste sesongane.
Men vinteren 1974 hadde vekt interessa for søndagsfotball og vist at det var noko publikum sette pris på.
Det skulle likevel gå sju år før neste søndagskamp vart spela. I mellomtida hadde "The Sunday Observance Act" frå 1780 fått tilført eit par unntakspunkt, som mellom anna tillet både kino, teater og sportsarrangement på "Lord's Day", som søndagen heiter i lovteksten.
15. februar 1981 gjekk neste søndagskamp. Det var Darlington igjen, naturlegvis. 5932 tilskodarar kom og såg 2-2-kampen mot Mansfield.
I 1983 begynte tv-kanalane å flytte kampar til søndag for direktesending. Tottenhams 2-1-siger over Nottingham søndag 2. oktober det året markerte den nye tida.
The rest is history.