Det gjekk berre eitt minutt og 45 sekund frå Yaya Touré hadde sett inn 1-1 til Samir Nasri banka inn 2-1 til Manchester City. Begge scoringane var i tillegg så vakre at dei fortener å bli utbrodert:
55 minutt, 1-1: Ballen endar i føtene til Touré, som hadde vore anonym i første omgang. På første touch plasserer han ballen perfekt opp i lengste vinkel bak ein utspelt Sunderland-keeper Vito Mannone.
Så, neste City-angrep:
56 minutt, 2-1: Førehandsfavoritten rullar opp på venstresida, før Aleksandar Kolarov slår hardt inn. Innlegget skiftar retning før Samir Nasri frå banka til i fart. Ballen flyg i lengste hjørne bak ein igjen utspelt Mannone.
– Vi er meistrar og vi fortente sigeren i dag. Dette betyr mykje for fansen og eg er svært glad. Eg håper dette gir oss sjølvtilliten til å vinne fleire trofé denne sesongen, kommenterte Nasri til BBC etter kampen.
Vakker kontring sjokkerte City
Kampen blei runda av til 3-1 av Jesus Navas etter ei kontring, men til pause stod det 0-1 på Wembley.
City gjekk ut i 100 og slengde fram både høgre- og venstreback gjentekne gonger. Det burde dei ikkje gjort så hyppig, for på topp hadde Sunderland Fabio Borini.
Ti minutt ut i ligacupfinalen blei City straffa. Ei lynrask kontring enda med at Borini blei spelt gjennom. Han distanserte forsvaret, før han frå skrått hald banka inn 0-1 med utsida av foten.
I etterkant av scoringa klarte eit kompakt Sunderland å halde City unna dei store sjansane.
– Plasserte den i krysset frå 30 meter
I andre omgang heldt derimot ikkje Sunderland-muren. Kvalitetsforskjellen på laga blei synleg, og City tok sin første triumf for året.
– Vi er svært skuffa. Vi starta kampen akkurat som vi ville, vi kontra og scora eit fantastisk mål, sa kaptein John O'Shea til BBC etter kampen.
– Så scorar dei eit fantastisk mål for å kome inn igjen i kampen. Han (Yaya Touré) plasserer ballen i krysset frå 30 meter. Vi mistar organiseringa vår i nokre minutt og det kostar oss eit mål nummer to imot, meinte O'Shea vidare.
Sunderland-kapteinen, som tidlegare har ti ulike triumfar med Manchester United, meiner laget no må samle seg kjapt. Dei ligg nemleg på direkte nedrykk og kjempar hardt for poenga i Premier League.
For City sin del er det kamp om ligagullet, kvartfinale i FA-cupen og eit lite håp om avansement i Meisterligaen som gjeld.
Lagoppstillingar:
Sunderland (4-3-3): Mannone - Bardsley, Alonso, O'Shea, Brown - Cattermole, Colback, Ki - Larsson, Johnson, Borini.
Innbyttarar: Ustari, Fletcher, Gardner, Celustka, Giaccherini, Vergini, Scocco.
Manchester City (4-4-2): Pantilimon - Zabaleta, Kompany, Demichelis, Kolarov - Nasri, Toure, Fernandinho, Silva - Aguero, Dzeko.
Innbyttarar: Hart, Clichy, Lescott, Milner, Garcia, Navas, Negredo.