NY SJEF?: José Mourinho utanfor heimen sin i London tysdag.
Foto: Steven Paston / Ap– Eg elskar José Mourinho, men han er ikkje Manchester United, seier Eric Cantona i eit ekslusivt intervju med engelske The Guardian.
Defensiv fotballfilosofi
Franskmannen fyller 50 år tysdag, og har gjeve eit sjeldan intervju til den engelske avisa.
Måndag kveld stadfesta klubben at Louis van Gaal var ferdig som manager.
Nederlendaren fekk sparken etter to sesongar i sjefsstolen, eitt år før kontrakta gjekk ut. 64-åringen står igjen med ein 4. og 5. plass i ligaen, i tilegg til årets FA-cuptriumf.
«Alle» medier på den britiske ball-øya melder at Mourinho blir klubbens nye manager.
Men ikonet med 143 ligakampar for United mellom 1992 og 1997 er skeptisk.
– Eg elskar José Mourinho, men fotballfilosofien hans er ikkje Manchester United.
– Eg elskar personlegheita hans. Eg elskar lidenskapen hans for fotball. Eg elskar humoren hans. Han er svært intelligent. Han krev 100 prosent innsats av spelarane sine, og han er sjølvsagt ein vinnar, seier Cantona.
– Men eg trur ikkje at fotballen hans vil bli elska av fansen sjølv om dei vinn, og han kan vinne med Manchester United.
– Men kjem dei til å akseptere forballen hans - sjølv om dei vinn? Eg trur ikkje det, held han fram.
Mourinho er kjent for «parkere bussen»" i forsvar når han må, og likar at laga hans har ein sterk defensiv struktur.
Eric Cantona er ein av Manchester Uniteds mest populære spelarar gjennom tidene. Her frå FA-cupfinalen mot Liverpool i 1996.
Foto: GERRY PENNY / Afp– José er rett mann
Men United-fansen er ikkje like skeptisk som mannen med 64 mål for klubben.
– Eg er ikkje bekymra for kritikken mot Mourinhos destruktive spelestil.
– Det har vist seg at mange av klubbane hans har vore blant dei laga som har scora flest mål, seier dagleg leiar Bernt Hjørnevik i Manchester United Supporters Scandinavian.
Då Mourninho blei seriemeister med Chelsea sesongen 2014/2015 scora laget 73 mål, som var nest mest, bak Manchester City som putta 83 ballar i nettet den sesongen.
Laget hans slapp inn minst - 32 baklengs.
– Eg er heller ikkje redd for at han vil øydelegge klubbfilosofien rundt bruken av unge spelarar. Mange av dei unge som har slått gjennom denne sesongen er allereie ein fast del av troppen.
– Eg trur Mourinho er den som kan få klubben på beina igjen, seier Hjørnevik.
Men Cantona meiner derimot at den rette sjefen for dei raude havna hos den blå rivalen i same by.
– Pep Guardiola var mannen som skulle overtatt. Eg ville ha elska å sjå han i Manchester. Han er den einaste som kunne endra klubben. Han er i Manchester, men i feil klubb, seier Eric Cantona.