Joey Barton har ifølge Skysports signert ein kontrakt med Newcastle United. Han blir med det Sam Allardyce si første forsterking som fersk Newcastle-manager.
Barton skal ha skrive ein avtale på fem år, ifølge agent Willie McKay. Spelaren skulle etter planen óg forhandle med West Ham, men bestemte seg for at Newcastle var staden å vere.
Ustabil
Joey Barton har eit langt synderegister i Manchester City. Han vart nylig suspendert frå klubben etter å ha slått ned ein kollega på trening. Saka hamnar sannsynlegvis i rettsapparatet.
24- åringen fekk nesten sparken då han dytta ein sigar i auget på ein yngre lagkamerat på ein julefest.
Barton blotta rumpa til Everton-tilhengarane under ein kamp i september 2006.
I tillegg har City- kapteinen vore med på å banke opp ein ung Everton- tilhengar i Thailand, som resulterte i at Barton vart sendt heim til England i skam. I mars vart han óg mistenkt for å angripe ein drosjesjåfør i Liverpool.
Totalt har Barton betalt Manchester City langt over ein millon kroner i bøter og han har vore på terapi for å takle sinnet sitt.