– Eg er ingen helt. Vi er 23 heltar, sa Lukaku etter kampen. Han tona ned sin eigen betydning for kvartfinaleplassen.
– Sidan starten av VM har mange av spelarane våre vore forskjellen mellom oss og motstandarane. Eg er glad for å kunne gjere mitt i kveld, sa mannen som vart benka etter å ha vore anonym tidlegare i meisterskapet, men som slo til då det gjaldt som mest i ekstraomgangane i kveld.
– Dette var kanskje vår beste kamp hittil, og det er positivt for oss. Vi skapte mange sjansar, og vi levde opp til forventningane. Kampen var fysisk krevjande, men vi var førebudde på det. Eg eg glad vi klarte det, sa matchvinnaren.
Tre mål i ekstraomgangane
Belgia vann 2–1 i ein kamp som inneheldt omtrent alt: Kolossalt tempo, endå meir kolossal innsats, offensiv haldning frå A til Å, redningar i stjerneklassen, og ekstraomgangar med tre mål. Og eit nesten-comeback i stjerneklassen av USA i siste ekstraomgang.
– Vi skapte 15 sjansar og vann fortent. Men då USA reduserte, sneik angsten seg inn i laget, sa Belgias landslagssjef Marc Wilmots.
Det blir dermed Belgia som skal møte Argentina i kvartfinale laurdag.
– Dette er den mest underhaldande 0-0-kampen eg har sett, sa NRK-kommentator Tom Nordlie då den ordinære speletida gjekk mot slutten.
Det stod 0–0 etter 90 minutt. Etter 105 hadde Lukaku lagt opp til eitt mål og scora eitt. Og Belgia var på full fart mot kvartfinale.
19-åring snudde nesten kampen
Då andre ekstraomgang begynte, kom Julian Green inn for USA. Han har ein landskamp før, og debuterte i VM.
Så gjekk det to minutt. Michael Bradley spela Green fri, og 19-åringen scora.
Det vart starten på eit utruleg USA-press. Dei skapte sjanse på sjanse, og panikkslagne belgiske spelarar målte ballen ut. Men dei klarte å halde unna.
– Eg trur ikkje det finst ord for måten USA klarte å kome tilbake i andre ekstraomgang, skriv BBCs Ben Smith.
Det losna for de Bruyne
Kevin De Bruyne skaut og skaut og skaut heile kampen. Og han bomma og bomma og bomma i alle dei ordinære 90 minutta.
Så gjekk det to minutt ut i ekstraomgane, og 22-åringen frå Wolfsburg fekk endeleg utteljing.
Romelu Lukako – han kom inn ved starten av ekstraomgangane – drog opp angrepet. Han leverte til de Bruyne, som for ein gongs skuld klarte å lure keeper Tim Howard og la ballen lengste hjørne.
Då Belgia tok kommandoen utover i andre omgang, stod USAs keeper Tim Howard som ein vegg og tok alt. Og han hadde også god hjelp av Omar Gonzales og Matt Besler framfor seg.
Howard gjorde 15 redningar denne kampen – det meste nokon keeper har gjort i årets VM.
Tilskodar hausta pipekonsert
Ein tilskodar på bana blei møtt av massiv pipekonsert frå publikum. Vaktene let han springe rundt eit par minutt, kanskje for å dumme han ut, før dei tok han med seg av bana til enorm pipekonsert.
På veg ut prøvde han å high-five Belgias Kevin De Bruyne, som berre peika mot vaktene som då omsider kom springande.
Publikum var prega av amerikanarane som til dei grader heia fram sine eigne.
– Her er det slikt lydnivå at det er uråde å høyre seg sjølv, og det er amerikanare som held stemninga oppe, sa NRK-kommentator Christian Nilssen.
«End-to-end-stuff»
Første del av første omgang gjekk i eit forrykande tempo. Full fart framover, ingen tversoverpasningar, var parolen frå begge lag. Den intense og kraftkrevjande fotballen gav mange nestensjansar, men dårleg presisjon. Det gjekk ut over avslutningane, og omgangen enda som den begynte.
Belgia hadde dei fleste sjansane. Den største hadde Divock Origi etter berre 40 sekund, men USAs keeper Tim Howard redda skote. Seinare hadde ikkje Howard nemnande vanskar.
USA mista også den offensive backen Fabian Johnson med ein strekk etter ein halv time, og mista litt av slagkrafta etter det.
Belgisk dominans
– Den innsatsen USA legg ned, tappar kreftene. Det vil vi snok sjå når klokka viser 70–75 minutt, sa John Arne Riise i NRKs studio i pausen.
Det fekk han rett i. Belgia dominerte til tider totalt i banespelet utover i andre omgang og hadde fleire gonger sjansen til å avgjere kampen.
Men kreftene til å forsvare seg hadde USA likevel. Belgias press vart større og større, men midtforsvaret og Tim Howard let seg ikkje knekke.
Og på overtid av overtida i den ordinære andre omgangen hadde Chris Wondolowski ein gigantsjanse til å sende USA til kvartfinalen. Heilt åleine på fem meter dundra innbytaren ballen høgt over mål.
Dermed ekstraomgangar – den femte åttedelsfinalen som går til ekstraomgangar i år.