USA tapte sensasjonelt 2–1 for botnlaget Trinidad og Tobago i den siste kvalifiseringskampen i natt, og enda dermed nest sist i gruppa.
– Den mest surrealistiske og pinlege kvelden i USAs fotballhistorie, skriv Sports Illustrated.
Samstundes gjekk også dei andre resultata mot USA. Honduras slo topplaget Mexico med 3-2, og Panama slo Costa Rica 2–1. Både Mexico og Costa Rica var VM-klare før kampane i natt.
– Vi har svikta. Alt låg til rette for oss, men vi fekk aldri det andre målet. Det er ingen unnskyldning for dette, sa ein skuffa USA-trenar Bruce Arena.
Han har leia laget sidan tidleg i kvalifiseringa. Jürgen Klinsmann fekk fyken etter at USA opna kvalifiseringa med to tap i fjor.
INGA ORSAKING: – Vi svikta, slo ein skuffa USA-trenar Bruce Arena fast
Foto: Ashley Allen / AFPUSA låg under 2–0 ved pause, etter eit sjølvmål av Omar Gonzalez og ei scoring frå nærmare 35 meter av Alvin Jones.
Christian Pulic reduserte berre eit par minutt etter pausen. Men trass enormt USA-press gjennom resten av kampen, fekk dei aldri målet som hadde gitt utlikning og VM-plass.
Motstandar Trinidad og Tobago tok sin andre siger i gruppa. Alle dei åtte andre kampane har laget tapt.
Då Honduras snudde 1–2 til 3–2 over topplaget Mexico, var den amerikanske kvelden heilsvart: Ikkje eingong playoffplassen gjekk til USA. Det blir Honduras som får møte Australia i omspel om VM-deltaking.
Plassen USA tapte, gjekk dermed til overraskingslaget Panama. Kanal-landet har aldri før deltatt i eit VM. Men to minutt før sluttsignalet sette dei inn sigersmålet til 2–1 over Costa Rica, og kan juble for Russland-tur til sommaren.
Johan Venegas gav Costa Rica ein programmessig leiing like før pause. Men i andre omgang snudde to blad Torres kampen. Gabriel utlikna sju minutt etter kvilen, og Román sikra siger og VM-jubel tre minutt før kampen var slutt.
Panama har erklært 10. oktober som nasjonal fridag på grunn av VM-plassen.
PS: Sist fredag banka USA Panama med 4–0 i den nest siste kampen i gruppa.
"SER DYKK I RUSSLAND": Men i Panama jublar dei over sitt aller første VM
Foto: RODRIGO ARANGUA / AFP