Hopp til innhold

«The Khaki Cup Final» – den mest omstridde finalen i historia

Det var nesten berre soldatar på tribunen, og kritikken mot kampen var massiv. Den engelske cupfinalen for hundre år sidan var den mest omstridde og bisarre nokonsinne.

Khakifinalen 1915

Cupfinale i krigstid: Nesten alle på tribunene var soldatar som var heime frå krigen på Kontinentet. Mange av dei var såra i krigen, som mannen midt i biletet, med stor hovud-bandasje under uniformslua

Såg du Arsenal banke Aston Villa i cupfinalen laurdag, framfor 90.000 feststemte tilskodarar i alle tenkelege klesplagg på Wembley?

Kontrasten til finalen for hundre år sidan kunne ikkje ha vore større.

FA-cupfinalen i 1915 har gått inn i historia som «The Khaki Cup Final», og er den einaste som er spela under krigstilstand. Derfor var også kritikken så enorm og ramma rundt finalekampen nærmast uverkeleg.

Dei aller fleste av dei 50.000 på tribunene var uniformskledde soldatar, såra eller heime på perm – eller nyrekrutterte som skulle ha det moro for kanskje siste gong før dei måtte til fronten for å kjempe ein langt alvorlegare kamp under den første verdskrigen.

Ikkje om pokalar og medaljer, men om liv og død for både seg sjølve og fedrelandet.

5000 døydde på få minutt

Medan dei stod på tribunene og såg finalekampen, døydde 5000 av kameratane i skyttargravene i Belgia.

Statistikken over engelske cupfinaler fortel nøkternt og anonymt at Sheffield United slo Chelsea med klare 3-0, og at kampen vart spela på Old Trafford i Manchester.

Men omstenda rundt FA-cupfinalen for hundre år sidan var dei mest spesielle nokonsinne. Bak resultat og kampfakta gøymer det seg nemleg ein finalekamp med ei ramme utan sidestykke i historia.

Kvalt av klorgass

For nøyaktig samstundes som soldatane på tribuna kunne hylle Sheffield United-kaptein George Utley som heva pokalen, fall kameratane deira nærmast som fluger då Tyskland overraska dei britiske styrkane med eit heilt nytt krigsvåpen ved Ypres i Belgia: Klorgass som kvalte soldatane i skyttargravene på vestfronten. 5000 britiske soldatar døydde på nokre få minutt.

Finalekampen er nok den mest kontroversielle i den britiske fotballhistoria, og er markert med ei utstilling i National Football Museum .

Situasjonen var absurd, og toppa den harde og uforsonlege diskusjonen som hadde rasa i England gjennom heile fotballsesongen.

Knallhard kritikk mot fotballen

Football Battalion

Eitt av regimenta hadde så mange spelarar at det fekk tilnamnet 'the Football Battalion'

Foto: Gavin Banns / http://www.world-war-pictures.com

Første verdskrigen braut ut i slutten av juli 1914. Ein månad seinare opna ligasesongen, og allereie då var kritikken sterk mot at det skulle spelast profesjonell fotball medan soldatane skaut mot kvarandre og sette livet til i skyttargravene på Kontinentet.

To synspunkt sto sterkt mot kvarandre: Dei som meinte at fotballen måtte leggast ned for å bruke alle tilgjengelege ressursar på krigen, og dei som meinte at publikum – og ikkje minst soldatar som var heime på perm eller med skader – trong underhaldning for å få eit pustehol med litt anna å tenkje på enn krig og elende.

Sistnemnde synspunkt vart understreka av at showa på dei mange «music halls» i London og andre storbyar gjekk for fulle hus. Publikum søkte etter andre ting å tenke på enn krigstragediane.

Dessutan trudde folk flest på ei rask avslutning av krigen då fotballsesongen tok til. «Home for Christmas» var eit vanleg optimistisk slagord første krigshausten.

Rugby og cricket tok krigspause

Sheffield United og George Utley

Sheffield Uniteds kaptein George Utley i spissen for sitt lag ut på Old Trafford

Til og med i Parlamentet vart fotballen heftig diskutert, og kritikken av fotballkampane var på sitt høgaste i vekene før cupfinalen.

Men uansett heldt liga- og cupfotballen fram nærmast som vanleg den første krigsvinteren.

Fotballen fekk derfor hard medfart i avisene, serleg dei konservative.

«Kvar klubb som tilset ein profesjonell spelar, kjøper ein god rekrutt frå å verve seg. Og kvar tilskodar som betalar inngangsbillett til kampane, gir eit bidrag til tysk siger», tordna The Times.

Dei var raske med å peike på at rugby og cricket hadde teke det motsette standpunktet. Dei idrettane avlyste sine sesongar.

Motstanden mot ligafotballen vart likevel noko dempa av at fotballforbundet og klubbane hjelpte til med rekruttering til krigsinnsatsen, også frå eigne rekkjer. Det var ikkje få klubbar som i løpet av sesongen såg spelarar forsvinne til soldatteneste ved fronten, godt trena ungdomar som dei var.

Come, leave the lure of the football field with its fame so lightly won,
And take your place in a greater game where worthier deeds are done.

The Times

I Skottland leia Hearts ligaen då 16 av spelarane i troppen bestemte seg for å verve seg som soldatar . Av 11 spelarar som starta sesongen med siger over Celtic, kom berre to frå det i live eller utan alvorlege skader.

Ein av bataljonane ved fronten hadde så mange profesjonelle spelarar at han fekk namnet The Football Battalion .

Fleire av dei mest kjende spelarane frå førkrigstida fall i krigen .

The Khaki Final

Fredeleg og vennskapeleg start på den einaste FA-cupfinalen som er spela under krigstilstand

Siste cupfinale på fem år

Med dette som bakteppe spela Sheffield United og Chelsea seg fram til cupfinalen 24. april – den einaste engelske cupfinalen i historia som er spela under krigstilstand. Chelsea spela sin aller første finale, Sheffield United sin tredje.

Det skulle også bli den siste finalen på fem år.

Dei siste cupfinalene hadde vore spela på Crystal Palace i London. Men FA tok ikkje sjansen på å belaste London-transporten med titusenvis av tilreisande til cupfinalen.

I tillegg vart Palace-bana nytta til leir for nyrekrutterte soldatar som skulle sendast ut i krigen.

Derfor vart finalekampen lagd til Old Trafford i Manchester. Bana var ny og moderne, bygd berre fem år tidlegare.

Uansett – finalen vart spela i ei heilt anna ramme enn dei som hadde vore prega av festleg atmosfære og familie-picnicar i parkane rundt Crystal Palace dei siste sesongane før krigen.

Chelsea klaga over at det var langt å reise , og at Sheffield United, som hadde kortare reiseveg, hadde fleire tilhengarar på tribuna.

Men det har i ettertid vist seg at dei fleste var lokale frå Manchester-området.

Publikum i uniform

Cupfinalen var då som no eit høgdepunkt i sesongen, og publikum strøymde til Old Trafford. Men det offisielle talet på tilskodarar var likevel berre 49.557, det lågaste publikumstalet i ein cupfinale på nærmare 20 år.

Dei aller fleste var soldatar kledd i si militære khaki-uniform. Derfor har kampen for all ettertid fått namnet «The Khaki Cup Final».

Dei frammøtte var nok også prega av vissa om at fotball på toppnivå var noko det ville gå lang tid før dei fekk oppleve igjen. Stemninga var derfor uverkeleg og heilt spesiell på Old Trafford denne sure, regnvåte og grå aprildagen.

Ingen av klubbane var blant topplaga i ligaen, men Sheffield United hadde vist god vårform og var klar favoritt. Chelsea kjempa mot nedrykk.

Sheffield United

Vann, men jubla ikkje: Dette Sheffield United-laget vann FA-cupen i 1915, men krigen la ein sterk dempar på sigersgleda

Landslagsspelar på permisjon

Chelseas landslagsspiss Vivien Woodward hadde blitt innkalla til hæren og kjempa i krigen. Men nokre dagar før finalen fekk han permisjon for å få spele finalen.

Men gentlemannen Woodward sa han ville spele berre dersom klubbens skadde toppscorar Bob Thomson ikkje blei speleklar. Thomson blei klar i tolvte time, og Woodward valde å sjå kampen frå tribuna. Sjølv om Chelsea øsnkte å ha han med.

Lagoppstilling FA-cup 1915

Lagoppstillinga til finalelaga - frå cupfinaleprogrammet

Sheffield United stilte med 11 engelskmenn, og i den nasjonalistiske krigsatmosfæren som rådde, vart det svært godt motteke. Det meste av sympatien på tribunene låg heilt klart på dei raud- og kvitistripete frå Yorkshire.

Sjølve finalekampen vart ingen «höjdare». United tok grepet om spelet frå start, men likevel gjekk det 36 minutt før Jim Simmons utnytta ein forsvarstabbe og «krasja læret i nettet», som ei avis uttrykte det.

Chelsea 1915

Chelseas finalelag som vart knust av Sheffield United

– Vi vart for lette

Derfrå og inn var det liten tvil om kven som var best på den tunge og gjørmete Old Trafford-matta. Men først sju minutt før slutt avgjorde Stan Fazackerly med 2-0-målet, han var først på ein retur etter tverrliggar-treff.

Like før full tid sette Joe Kitchen inn det tredje. Han fekk ta med seg ballen i full fart frå midtstreken, dribla seg forbi keeper og scora. «Den vakraste augneblinken i kampen», skreiv Athletic News.

– Vi blei for lette. Denne kampen tapte vi lenge før fløyta gjekk, skriv Chelsea i si oppsummering av kampen .

Men ingen fekk lov å gløyme den pågåande krigen, ikkje eingong under premieutdelinga. Cup-pokalen vart delt ut av Jarlen av Derby, med desse orda:

«I dag har de spela for kvarandre for å vinne cupen. No er det ei plikt for alle å stå saman i ein endå viktigare kamp for England».

It is now the duty of everyone to join with each other and play a sterner game for England.

Jarlen av Derby

Lorden vart rett etterpå toppsjef for heile den engelske krigs-rekrutteringa.

Cup-jubel avløyst av gassangrep

Where balls have gone

Chelsea sende fotballar til fronten slik at soldatane kunne få litt harmnlaus trim. 'Ballane wer av beste kvalitet. Vi kunne sendt tre gonger så manga av dårleg kvalitet. Men ballar som ville blitt sparka i stykke på ei veke vil vere ei dårleg gåve til mennene som set liva sine på spel for landet sitt', skriv klubben.

Foto: Chelsea

Jubelen etter kampslutt var svært avgrensa, og det som var, stilna raskt. På grunn av kritikken mot cupfinalen rådde politiet sterkt frå noko form for feiring. Det pågjekk trass alt langt alvorlegare kampar enn fotball og cupfinale.

Trofeet vart sendt heim til Sheffield så raskt og diskret som mogeleg etter kampslutt, og dei som møtte fram på jernbanestasjonen for å hylle spelarane, vart jaga bort.

Denne historia fortel den absurde historia om korleis det var å vere heime i Sheffield og vente på heltane som skulle kome med pokalen. «Joe» visste at han nokre dagar seinare skulle til fronten. Han blei svært skuffa då toget med spelarane kom heim:

He only saw the heads of some of the players through the crowd – there was to be no triumphalism, no parading of the cup, they were just bundled into taxis and away into the night.

«Joe», soldat og Sheffield United-tilhengar

Først fem år seinare, i 1920, vart finalesigeren offisielt feira.

Like etter finalen kom det forferdelege nyheiter gjennom frå krigsfronten:

Etter eit halvt år med fastlåste stillingar, prøvde Tyskland med eit nytt våpen. Dei sleppte ut klorgass som seig ned i dei britiske skyttargravene. Soldatane vart kvalte, og dei som slapp unna, rømde.

Rekrutteringsplakat

Denne plakatne vart delt ut under mange av fotballarrangementa sesongen 1914/15

Suksessen – sett frå tysk side – var enorm, og den tyske krigsmakta følgde opp.

To dagar seinare, same dag som cupfinalen vart spela, sleppte dei 170 tonn klorgass over dei britiske linjene. 5000 britiske soldatar vart drepne i løpet av få minutt under det til då største angrepet med kjemisk krigføring i verdshistoria.

Dette var scenarioet mange av dei khaki-kledde på tribunene skulle tilbake til. Det var det ingen grunn til å juble for.

Kjemisk krigføring var forbode i Haag-konvensjonen allereie i 1899.

På nedrykksplass

For Chelsea gjekk det frå vondt til verre på fotballbana. Dei heldt seg oppe i nord for å spele to utsette ligakampar, mot Everton og Notts County, før fotballen tok krigspause. Det enda med nedrykksplass på tabellen.

Men dei blei redda av ligautvidinga etter krigen og kampfiksingssaka der Liverpool og Manchester United var involvert. Men det er ei heilt anna historie .

24 år seinare tok fotballen motsett standpunkt. 3. september 1939 erklærte England Tyskland krig, og den andre verdskrigen var i gang. Då avbraut FA og ligaen umiddelbart sesongen etter tre serierundar.

24. april i år var det 100 år sidan den bisarre og motsetningsfylte finaledagen. Sheffield United inviterte til nyopna utstilling den dagen, der fleire av finaleeffektane, mellom anna seks av vinnarmedaljene, var utstilte.

Fotball

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener. Han leder laget mot Sarpsborg søndag.

    LSK er blitt enig med Manchester United om kompensasjon for Georgson, som ledet LSK i 18 kamper etter at han ble ansatt ved årsskiftet.

    – Det ble en veldg mye kortere tid enn jeg hadde tenkt meg i LSK, en klubb og en supporterskare som jeg raskt kjente at jeg kan identifisere meg med og virkelig ta til hjertet, sier Georgson til lsk.no.

    Også Manchester United bekreftet ansettelsen fredag kveld, gjennom en melding på X.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben.

    (NTB)

    Andreas Georgson og Gjermund Åsen
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Påtalenemnda anker KFUM-avgjørelse

    Påtalenemnda besluttet å iverksette sanksjonssak mot KFUM Oslo etter bruk av en ikke-spilleberettiget spiller i NM-kampen mot Sogndal 1. mai. Det skriver NFF i en pressemelding.

    De ønsker i stedet å kaste ut KFUM fra cupen.

    – Påtalenemnda anker herved beslutningen. Anken gjelder sanksjonsutmålingen. Prinsipalt anføres det også for ankeutvalget at KFUM Oslo må idømmes «tap av resultat» i NM-kampene mot Sogndal og Lysekloster, heter det i pressemeldingen.

    Den tidligere innstillingen fra Doms- og sanksjonsutvalget i NFF har vært at KFUM får fortsette i cupen, men at de ilegges en bot på 100.000 kroner.

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • RBK anker beslutning om tomme tribuner

    Rosenborg godtar ikke Norges Fotballforbunds vedtak om å spille den avbrutte seriekampen mot Lillestrøm uten publikum.

    Det melder klubben på egne nettsider.

    – Det er en beslutning Rosenborg har besluttet å påklage, sier Rosenborgs daglige leder, Tore Berdal.

    – De fleste av våre supportere deltok ikke i søndagens aksjoner, og dette blir da en kollektiv straff som rammer alt for mange som ikke har noe med denne saken å gjøre. Straffen blir derfor uforholdsmessig, sier Berdal.

    Sist helg ble oppgjøret mellom Rosenborg og Lillestrøm avbrutt flere ganger som følge av VAR-protester og gjenstander som ble kastet ut på banen. Til slutt ble aldri spillet gjenopptatt. (NRK/NTB)

    Eliteserien 2024: Rosenborg - Lillestrøm.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Brann holdt unna i Nederland – sikret sterkt resultat

    Mathias Dyngeland var i storform for Brann og kan ta sin del av æren for at de klarte 0-0 i Nederland mot Go Ahead Eagles i andre runde av Serieligaen-kvalifiseringen.

    Begge lag hadde sine sjanser, og det var ikke nødvendigvis en rolig affære til tross for at målene uteble.

    Det var de nederlandske vertene som var nærmest, og i sluttminuttene var Mathias Dyngeland god i Brann-målet og reddet en sen scoringsmulighet for Bobby Adekanye.

    Go Ahead Eagles-angriperen hadde flere sjanser i løpet av kampen, men han klarte ikke å få ballen i nettet.

    Helt på tampen skulle det bli tegn til drama likevel. Det var Blomberg som ble revet ned av Llansana. Dommer mente det var en åpenbar mulighet som ble fratatt og det resulterte i rødt kort.

    Brann tar imot Go Ahead Eagles på Brann Stadion torsdag 1. august. Nå vil de nok regnes som favoritter til å ta seg videre.

    Go Ahead Eagles ble nummer ni i nederlandsk æresdivisjon sist sesong og har ikke kommet i gang med 2024/2025-sesongen i hjemlig liga ennå.

    Tromsø og Molde har også levert sterkt i Europa torsdag kveld. I Serieliga-kvalifiseringen vant Tromsø 1-0 borte mot KuPS fra Finland, mens Molde vant 3-1 hjemme mot danske Silkeborg i kvalifiseringen til Europaligaen.

    Eliteserien i fotball 2024: Brann - Haugesund (1-1)
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Kjernen på Lerkendal

Rosenborgs anker avgjørelse om tomme tribuner: – En kollektiv straff som rammer altfor mange

Olai Bjarke Bjørnsen

15-åring debuterte som hoveddommer på seniornivå: – Det er sjeldent

Det ble en spesiell demonstrasjon mot VAR i kampen mellom LSK og KFUM.