Hopp til innhold

«Skammens kamp» som endra ligaen

I dag er det hundre år sidan spelarar frå erkerivalane møttes i Manchester for å fikse eit kampresultat. Dei ante neppe kva konsekvensar møtet skulle få, ikkje minst for London-fotballen.

Manchester United 1915

Tre av spelarane på Manchester Uniteds lag i 1915 var involverte i kampfiksinga.

Foto: © EMPICS

Det høyrest rart ut i dag, men Manchester United og Liverpool har faktisk samarbeidd ein gong i tida. Om ei sak ingen av dei er særleg stolte av i dag.

For nøyaktig hundre år sidan samarbeidde dagens erkerivalar om ei av dei største kampfiksingsskandalene i engelsk fotballhistorie . Og kanskje den som fekk størst konsekvensar.

Dei to laga møttest på Old Trafford 2. april, langfredag, i 1915, i det som er kjent som "Skammas kamp" . United sleit tungt i botnen av tabellen og var ute av form. Liverpool var trygt plassert midt på tabellen og hadde lite og inkje å kjempe for. Fire serierundar stod att i 1. divisjon – den tids Premier League.

Liverpool var klar favoritt hos bookmakerane, men United vann 2–0. George Anderson scora begge måla.

Berga seg med eitt poeng

Då sesongen var slutt tre veker seinare, hadde United berga plassen med eitt fattig poengs forsprang til Chelsea og to til Tottenham nedst på tabellen. Berre to lag rykka ned.

Men både dommaren og fleire pressefolk sa etterpå at dei hadde lagt merke til Liverpools manglande vilje til å kjempe. Liverpool hadde sendt eit straffespark påfallande langt utanfor mål, og dei hadde sølt vekk fleire store sjansar som dei skulle ha scora på.

Spesielt før pause var Liverpool ekstremt sløve. «Ein meir einsidig omgang er det umogeleg å tenkje seg», skreiv Liverpool Daily Post.

Fleire av Liverpool-spelarane viste også sterk misnøye då klubbens Fred Pagnam avslutta i tverrliggaren i sluttminutta.

Ikkje lenge etter kampslutt vart det klart at uvanleg mange hadde tippa nettopp 2–0 til United til odds 7–1 hos bookmakerane.

Liverpool 1915

Liverpool anno 1915

Foto: liverpoolway.co.uk

Livslang utestenging for sju mann

Mistankane om kampfiksing var så sterke at fotballforbundet (FA) sette i gang ei omfattande gransking. Den avslørte raskt at fleire spelarar på begge lag var innblanda, og FA sette i gang ei omfattande gransking.

Det viste seg at spelarar på begge lag hadde møtt kvarandre på ein pub i Manchester og vorte samde om resultatet. Bookmakerane nekta å utbetale premiar til spelarane.

Då dommen fall mot slutten av året, vart sju spelarar – fire frå Liverpool og tre frå United – kjende skuldige og utestengde på livstid. Liverpools Jackie Sheldon med fortid i United var avslørt som initiativtakaren.

It is proved that a considerable sum of money changed hands by betting on the match, and that some of the players profited thereby. By their action they have sought to undermine the whole fabric of the game and discredit its honesty and fairness.

We are bound to view such offences in a serious light. The honesty and uprightness of the game must be preserved at all costs…We are satisfied that the allegations have been proved.

Football League, desember 1915 / Daily Mail

Andre spelarar hadde fått tilbod om å vere med, men avslått. Blant dei var tomålscorar George Anderson og Liverpools Fred Pagnam – mannen som var centimeter frå å øydelegge opplegget med tverrliggartreffet i sluttminutta. Han vitna også mot sine lagkameratar under FA-høyringa.

Sandy Turnbull, stjernespelar på Manchester United, var ikkje eingong på bana i kampen. Men han vart likevel dømd for medverknad, og han hadde også vore innblanda i ei omfattande kampfiksingssak ti år tidlegare.

Der var også Uniteds storstjerne Billy Meredith innblanda. Men han var frikjent denne gongen.

– Men eg vart mistenksam då ingen av lagkameratane ville spele ballen til meg, fortalde han under høyringa.

Klubbleiarane frikjende

Men klubbane og klubbleiarane vart frikjende. FA-dommen slo fast at dette var spelarar som ville ha ekstrainntekt, det var ikkje United som ville kjøpe seg fri frå nedrykk. Resultatet fekk dermed stå, og poenga sikra United plassen.

Sandy Turnbull

Fall i krigen: Sandy Turnbull var United-stjerne som vart dømd til livslang utestenging. Men han fall i krigen og fekk utestenginga oppheva post mortem

Foto: united.no

Den livslange utestenginga vart også kraftig devaluert. Første verdskrigen var allereie godt i gang, og seks av dei sju dømde spelarane vart sende til fronten som soldatar. Turnbull var ein av dei, og han vart såra og teken til fange av fienden. Sidan høyrde ingen frå han, og han har gjekk inn i historia som «sakna, truleg død».

Alle fekk etter krigen sine dommar oppheva som takk for innsatsen ved fronten – også Turnbull post mortem.

Uniteds Enoch West vart derimot ikkje send i krigen, derfor var han den einaste av dei sju som ikkje fekk si utestenging oppheva. Ikkje før i 1945. Men då var han 59 år gammal.

Konsekvensar fire år etterpå

Det har vore opprulla kampfiksingsaker i England både før og etter langfredagskampen på Old Trafford i 1915. Men neppe noko som har fått like store konsekvensar i ettertid.

Våren 1915 var nemleg første verdskrigen godt i gang. Alle visste at det kom til å bli lenge til neste fotballsesong i England.

Krigen tok slutt hausten 1918, og fotballen hadde naturleg nok ikkje høgast prioritet då det brtiske samfunnet skulle gjenoppbyggast.

Ligafotballen kom likevel i gang igjen i 1919, og årsmøtet i ligaen vedtok å utvide 1. divisjon frå 20 til 22 klubbar. Eitt av argumenta for det, var det urettferdige i at Chelsea måtte rykke ned på grunn av at United hadde juksa seg til to heilt avgjerande poeng den gongen i 1915.

Men kven skulle ta den andre plassen? Tottenham enda sist og hadde rykka ned uavhengig av kampfiksing, men var det rett at dei skulle rykke ned likevel når ligaen vart utvida?

Ligaens årsmøte i februar 1919 godkjende at Chelsea skulle få halde fram i 1. divisjon. Derby og Preston rykka opp frå 2. divisjon.

Kvifor valde dei Arsenal?

Men snakkisen etter årsmøtet var at Arsenal etter røysting fekk tildelt den siste plassen. Arsenal hadde berre blitt nummer fem i 2. divisjon i 1915. Kva som var bakgrunnen for det, har historia enno aldri gitt noko klart svar på.

Ein teori som har vist seg svært slitesterk, er at Arsenals innflytelsesrike og beintøffe styreleiar og eigar Henry Norris brukte sitt nettverk for det det var verdt. Det innebar at han først fekk gjennom at den siste plassen skulle tildelast ved avrøysting, deretter at røystinga gjekk i Arsenals favør.

I referatet frå møtet går det fram at Norris plasserte seg på bakarste benk på årsmøtet, og at han aldri tok ordet. Derimot argumenterte ligapresident George McKenna sterkt og engasjert for at Arsenal skulle få plassen.

Ingenting er nokosinne bevist i ettertid, og slett ikkje at Norris gjorde noko ulovleg. Men McKenna var også direktør i Liverpool, og det har blitt ein seigliva påstand at han visste om kampfiksinga frå langfredagen i 1915, og at Norris visste at McKenna kjende til det.

Bakgrunnen for London-rivalisering

Norris' rykte som ein mann som alltid fekk det som han ville, om nødvendig med tvilsame midlar, vart understreka nokre år seinare då han vart avslørt for å ha brukt Arsenals pengar til private utgifter.

Det vart han dømd og fekk sparken for, men spekulasjonane om hans rolle på årsmøtet i 1919 er framleis berre spekulasjonar. Ingenting er bevist.

Men Arsenals merkverdige opprykk på Tottenhams kostnad i 1919 er iallfall hovudbakgrunnen for den til tider beintøffe rivaliseringa mellom dei to klubbane i Nord-London. Henry Norris hadde like før krigen flytta Arsenal frå dokkområda på sørsida av Themsen til Islington i Nord-London, innanfor Tottenhams naturlege nedslagsfelt. Det likte ikkje Spurs noko særleg.

Og når Arsenal i tillegg tok plassen Tottenham meinte dei hadde krav på, la det grunnlaget for ei rivalisering som merkast den dag i dag. Handfaste bevis eller ikkje – Henry Norris er ein av tidenes skurkar, sett frå Tottenham.

Fotball

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener. Han leder laget mot Sarpsborg søndag.

    LSK er blitt enig med Manchester United om kompensasjon for Georgson, som ledet LSK i 18 kamper etter at han ble ansatt ved årsskiftet.

    – Det ble en veldg mye kortere tid enn jeg hadde tenkt meg i LSK, en klubb og en supporterskare som jeg raskt kjente at jeg kan identifisere meg med og virkelig ta til hjertet, sier Georgson til lsk.no.

    Også Manchester United bekreftet ansettelsen fredag kveld, gjennom en melding på X.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben.

    (NTB)

    Andreas Georgson og Gjermund Åsen
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Påtalenemnda anker KFUM-avgjørelse

    Påtalenemnda besluttet å iverksette sanksjonssak mot KFUM Oslo etter bruk av en ikke-spilleberettiget spiller i NM-kampen mot Sogndal 1. mai. Det skriver NFF i en pressemelding.

    De ønsker i stedet å kaste ut KFUM fra cupen.

    – Påtalenemnda anker herved beslutningen. Anken gjelder sanksjonsutmålingen. Prinsipalt anføres det også for ankeutvalget at KFUM Oslo må idømmes «tap av resultat» i NM-kampene mot Sogndal og Lysekloster, heter det i pressemeldingen.

    Den tidligere innstillingen fra Doms- og sanksjonsutvalget i NFF har vært at KFUM får fortsette i cupen, men at de ilegges en bot på 100.000 kroner.

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • RBK anker beslutning om tomme tribuner

    Rosenborg godtar ikke Norges Fotballforbunds vedtak om å spille den avbrutte seriekampen mot Lillestrøm uten publikum.

    Det melder klubben på egne nettsider.

    – Det er en beslutning Rosenborg har besluttet å påklage, sier Rosenborgs daglige leder, Tore Berdal.

    – De fleste av våre supportere deltok ikke i søndagens aksjoner, og dette blir da en kollektiv straff som rammer alt for mange som ikke har noe med denne saken å gjøre. Straffen blir derfor uforholdsmessig, sier Berdal.

    Sist helg ble oppgjøret mellom Rosenborg og Lillestrøm avbrutt flere ganger som følge av VAR-protester og gjenstander som ble kastet ut på banen. Til slutt ble aldri spillet gjenopptatt. (NRK/NTB)

    Eliteserien 2024: Rosenborg - Lillestrøm.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Brann holdt unna i Nederland – sikret sterkt resultat

    Mathias Dyngeland var i storform for Brann og kan ta sin del av æren for at de klarte 0-0 i Nederland mot Go Ahead Eagles i andre runde av Serieligaen-kvalifiseringen.

    Begge lag hadde sine sjanser, og det var ikke nødvendigvis en rolig affære til tross for at målene uteble.

    Det var de nederlandske vertene som var nærmest, og i sluttminuttene var Mathias Dyngeland god i Brann-målet og reddet en sen scoringsmulighet for Bobby Adekanye.

    Go Ahead Eagles-angriperen hadde flere sjanser i løpet av kampen, men han klarte ikke å få ballen i nettet.

    Helt på tampen skulle det bli tegn til drama likevel. Det var Blomberg som ble revet ned av Llansana. Dommer mente det var en åpenbar mulighet som ble fratatt og det resulterte i rødt kort.

    Brann tar imot Go Ahead Eagles på Brann Stadion torsdag 1. august. Nå vil de nok regnes som favoritter til å ta seg videre.

    Go Ahead Eagles ble nummer ni i nederlandsk æresdivisjon sist sesong og har ikke kommet i gang med 2024/2025-sesongen i hjemlig liga ennå.

    Tromsø og Molde har også levert sterkt i Europa torsdag kveld. I Serieliga-kvalifiseringen vant Tromsø 1-0 borte mot KuPS fra Finland, mens Molde vant 3-1 hjemme mot danske Silkeborg i kvalifiseringen til Europaligaen.

    Eliteserien i fotball 2024: Brann - Haugesund (1-1)
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Kjernen på Lerkendal

Rosenborgs anker avgjørelse om tomme tribuner: – En kollektiv straff som rammer altfor mange

Olai Bjarke Bjørnsen

15-åring debuterte som hoveddommer på seniornivå: – Det er sjeldent

Det ble en spesiell demonstrasjon mot VAR i kampen mellom LSK og KFUM.