NRK Meny
Normal

– Vi snakkar om eit ikon som fortener ein statue

NFFs generalsekretær Kjetil Siem meiner det Drillo har gjort for norsk landslagsfotball er historisk stort.

Kjetil Siem

Generalsekretær Kjetil Siem meiner Drillo blir ståande som eit ikon i norsk fotballhistorie

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Sjå videoar frå Drillos landslagskarriere lengst nede i saka.

– Egil Olsen sitt namn rokkar vi ikkje ved i norsk fotball uavhengig av dette, og resultata i dei siste kampane. Vi snakkar om eit ikon som fortener statue utanfor Ullevaal stadion, seier Siem til NRK.

For trass i det som skjedde i dag, er det ingen tvil om at Drillo har ein eineståande posisjon i norske fotballhistorie. Han overtok eit skakkøyrt landslag hausten 1990 og heva det nesten til verdstoppen.

Like godt gjekk det ikkje etter at han kom tilbake til sin andre periode i 2009. Og i dag var det slutt.

Frå Kamerun til Sveits

Det begynte med 6–1 over Kamerun på Bislett ein sur oktoberdag i 1990. Det slutta med 0–2 for Sveits på Ullevaal ein grå septemberdag i år.

VM DRILLO GLAD

Klassikaren: 'Drillo'-jubelen når Noreg scorar mot Brasil i VM i 1998

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

I mellomtida hadde Drillo heva det norske landslaget til eit nivå det aldri har vore på verken før eller sidan:

  • VM-deltaking i 1994 og 1998
  • Utan Ullevaal-tap frå 1991 til Drillo slutta for første gong i 1998
  • Triumfar over Italia, Nederland, England og Brasil på Ullevaal
  • Siger over Brasil i VM i 1998

Han slutta etter VM i 1998. Han begynte igjen på nyåret i 2009 – først som vikar, seinare som permanent sjef. Første kamp gav 1–0 mot Tyskland borte.

Men resultata var meir ujamne enn på 90-talet, og suksessen uteblei. Fredag var det slutt. 0–2 mot Sveits og tilnærma VM-exit vart det siste for Drillo.

– Kanskje den viktigaste av dei alle

– Han har gjort ein fantastisk jobb, seier Jostein Flo. Den noverande sportsdirektøren i Strømsgodset var ei sentra brikke i Drillos suksesslag på 90-talet. – Han har kanskje vore den viktigaste personen av dei alle, legg han til.

– Kva meiner du om måten han går av på?

– Det er nok eit val som Drillo sjølv har teke, vil eg tru. Eg veit ikkje noko om det som har skjedd rundt det, anna enn at Drillo har slutta og at Per-Mathias Høgmo har kome inn, seier Flo.

– Kva er ditt syn på Høgmo som landslagssjef?

– Det er bra. Han har fått resultat i dei klubbane han har vore i. Han er samlande og ein fantastisk type, så det er nok eit rett val, seier Jostein Flo.

– Spennande

– Det er spennande med Høgmo som ny sjef, seier Rune Almenning Jarstein.

Han har vore fast keeper dei siste åra under Drillo, i ein periode der det elles har vore mange utskiftingar.

– Eg har høyrt mykje bra om han, så det ser eg fram til. Samtidig har eg kosa meg veldig på samling med Egil, som har gjort ein veldig god jobb, seier Jarstein til NRK.

– Det har vore ei utruleg lærerik tid, og eg er stolt over å ha selt under Drillo, seier Ruben Yttergård Jensen til NRK.

– Korleis meiner du han bør heidrast som fotballikon no når karrieren er over?

– Det veit eg ikkje, men det må bli med noko stort. Det han har fått til med landslaget, kan ein berre drøyme om skal kunne skje igjen, sigre han.

– Tatt landslaget mange steg framover

– Han har betydd veldig mykje. han har teke norsk landslagsfotball mange steg framover, seier Marcus Henriksen.

– Når det gjeld framtida, har vi fått ein dyktig arvtakar i Per-Mathias Høgmo. Mange av landslagsspelarane har mykje å lære av han, og eg trur det er eit godt val.

– Korleis bør Drillo heidrast?

– Nei sei det. Eg har fått med meg at fleire har nemnt statue, og det er kanskje ingen dum ide. Han har gjort vanvittig mykje for det norske landslaget

Glimt frå Drillos landslagskarriere

Her er eit knippe glimt frå Drillos landslagskarriere på 90-talet og i nyare tid:

Drillo begynte mot Kamerun på Bislett i oktober 1990. Kamerun var VMs store overrasking tidlegare det året. Men Drillos lag vann 6–1.

Vi har rotet i arkivet vårt og funnet saken da Egil "Drillo" Olsen ble ansatt som landslagssjef i 1990. Se den purunge treneren i rollen som han ble kjent for.

Drillos første landskamp: 6–1 over Kamerun i 1990

Dette var NRKs oppsummering då Drillo begynte på sin andre periode, på nyåret 2009:

Se saken som ble laget da Egil Olsen ble ansatt for andre gang som landslagssjef. Reporter: Jan Fredrik Bjørntvedt, foto: Henrik Myhr Nielsen, redigerer: Jan Fredrik Bjørntvedt

Forventningane var store då Drillo vart tilsett for andre gong, i 2009

Siger i den første heimekampen etter Drillos comeback, og sluttminutta mot Finland vart ei ellevill affære.

Det ble dramatikk i sluttminuttene i kampen mellom Norge og Finland på Ullevål. Avgjørelsen kom på overtid, da Egil Olsen fikk sin trettiende kamp uten tap på hjemmebane.

Sjå sluttminutta i kampen mellom Norge og Finland i 2009

Og slik enda det for berre nokre få dagar sidan: Med 0–2 mot Sveits, nesten utrydda VM-sjansar, og ein svært nedtrykt Drillo. Men framleis trudde han at han skulle fullføre sesongen.

Etter kampen mot Sveits for litt over to uker siden var Egil "Drillo" Olsen sikker på at han ville bli værende landslagssjef ut kontrakten. Reporter: Tommy Barstein, foto: Hallgeir Aunan, redigerer: Tommy Barstein

'Drillo' var trygg på stillinga si for berre nokre dagar sidan

Kva er ditt beste minne frå Drillos to periodar som landslagssjef?

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.