Hopp til innhold

– Ein skam for Premier League

Leiaren for den engelske managerorganisasjonen (LMA) rettar krass kritikk mot Chelseas hyppige vraking av meritterte elitetrenarar.

Chelsea

Desse managerane har klubbleiar Roman Abramovitsj (midten) har sparka ut av klubben i jakta på å bli Europas største klubb: Claudio Ranieri, José Mourinho, Avram Grant, Luiz Felipe Scolari, Guus Hiddink, Avram Grant, Carlo Ancelotti og Andre Villas-Boas.

BRITAIN-INQUEST-FBL-WAL-SPEED

LMA-leiar Richard Bevan refsar Chelseas forbruk av managerar.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

– Sjølv om klubben har ubegrensa med midlar, har dei ikkje funne ut korleis dei skal bygge ein suksessrik klubb, seier LMAs leiar, Richard Bevan.

Etter kun tre sigrar på dei tolv siste kampane rauk manager André Villas-Boas på hovudet ut av Chelseas klubblokaler sundag.

Den unge og relativt meritterte trenaren skal ha kosta klubben rundt 306 millionar kroner totalt.

No må klubben på jakt etter eit nytt manageremne, som kan styre den kontroversielle klubben mot rask suksess.

Det får LMA-Bevan til å rette full skyts mot Chelseas klubbleiing.

– At dei no ser etter sin åttande manager på ni år er ein skam. Det er pinleg for Chelseas klubbeigarar, sjølve klubben, fansen og heile Premier League, tordnar LMA-leiaren til The Telegraph.

Frå stjerne til syndebukk

Sidan den styrtrike oligarken Roman Abramovitsj kapra eigarskapet i London-klubben i 2003, har Chelsea-fansen stadig sett store managernamn forsvinne etter korte periodar i sjefsstolen.

Desse har leia Chelsea under Abramovitsj:

  • Claudio Ranieri
  • José Mourinho
  • Avram Grant
  • Luiz Felipe Scolari
  • Carlo Ancelotti
  • Guus Hiddink (på ein kort låneperiode)

André Villas-Boas er sistemann på den lange lista.

Den pur-unge manageren (34 år) kom til Chelsea som tidenes yngste europaliga-vinnar (med Porto i 2011).

«Chelsea Football Club er henrykt over å kunne meddele at Andre Villas-Boas blir klubbens nye manager», skreiv London-klubben i ein pressemelding den gangen.

257 dagar etter tilsetjinga var ikkje klubbleiinga like entusiastisk over vidunder-trenaren.

«Beklagelegvis har ikkje resultata eller prestasjonen til laget vore bra nok, og laget har heller ikkje vist teikn til forbetring i en svært avgjerande fase av sesongen,» skriv klubben om sparkinga.

– Resultata kjem om manageren får tid

LMAs leiar er djupt rysta over at Chelsea ikkje lot Villas-Boas få meir tid til å jobbe med spelarstallen, noko han trur kunne resultert i meir stabile kår i klubben.

– Ein manager får resultat om han får jobbe over tid. Med det kjem også stabiliteten. Om ikkje er det veldig vanskeleg for ein manager, som for eksempel Villas-Boas, å bygge eit lag og samstundes få filosofien sin ut i live, seier Bevan.

Kven blir den neste?

Villas-Boas vil gå inn i Chelseas historiebøker som trenaren med lågast poengsnitt under Roman Abramovitsjs «regjeringstid».

– Det er nok årsaka til at dette skjedde, men etter bare åtte månader kan ein ikkje bygge den type suksess som Chelsea krevjer. Om ein ønskar gode resultat, bør ein sjå meir langsiktig enn som så, seier Bevan.

No står assistenttrenar Roberto Di Matteo klar for å styre laget ut sesongen. Innan då skal ein ny manager vere på plass i engelsk fotballs kanskje mest usikre jobb.

Måndag melder Daily Mail at erstattaren kan bli tidlegare Liverpool-manager Rafa Benitez.

Ifølgje den britiske storavisa skal klubben allereie ha kontakta spanjolen, som då altså kan bli London-klubbens åttande manager under Abramovitsj-eigarskapet.

Fotball