Dugnadsgjengen lastar opp gamle pallar og monterer rørstillas. Her skal publikum ha gode forhold når dei skal sjå «tidenes kamp». Om det set inn med storm og beinkalde regnbyer vonar dei på at Larsnes/Gursken skal overraske fotball-Noreg når dei møter Aalesund onsdag kveld.
Det er ei historisk hending det som skjer på River Plate i Gursken onsdag klokka 18.00. Det har aldri før vore spelt ein einaste offisiell kamp med eit eliteserielag involvert der.
I desse to bygdene, i havgapet like nord for Stad, førebyr no bygdefolket «tidenes kamp» og det som truleg er den største «happeningen» på desse kantar dette året.
– Her har aldri før vore eliteserielag som har spelt nokon offisiell kamp her. Dette er «tidenes kamp», seier lagleiar Kåre Fjørtoft til NRK.
NRK sender ei rekkje kampar frå 1. runde i cupen, både på fjernsyn og på NRK.no. NRK er på plass med reportasjeteam på dei aller fleste kampane. Her kjem det lenkje til alle dei direktesende kampane, straks direktelenkjene er klare.
Direktesende kampar tysdag:
- Vigør - Start kl. 18.00 NRK.no
- Frigg - Vålerenga kl. 18.30 TV2 Sport, Sumo
Direktesende kampar onsdag:
- Kirkenes-Tromsø kl. 17.00 NRK.no
- Skedsmo-Lillestrøm kl. 18.00 NRK1, NRK2 frå 18.40
- Sparta Sarpsborg–Sarpsborg 08 kl. 18.00 NRK.no
- Larsnes/Gursken–Aalesund kl. 18.00 NRK.no
- Holmen–Hønefoss kl. 18.00 NRK.no
- Hovding–Brann kl. 18.00 TV2 Sport, Sumo
- Husøy&Foynland–Odd kl. 18.00 NRK.no
- Vaulen–Viking kl. 18.00 NRK.no
- Buvik–Rosenborg kl. 18.00 NRK.no
Stort på Gurskøya
Larsnes er til no kanskje mest kjend som heimbygda til tidlegare kringkastingssjef Bjartmar Gjerde. Skipsverft har dei sjølvsagt også, sjølv om nabobygda Gursken sitt verft er større. Og Gursken er også heimstaden til tidlegare landslagsspelar Jan Åge Fjørtoft.
No skal dei kanskje ta imot så mange som eitt tusen tilskodarar. Mens beinharde vindbyer slår inn frå Stadhavet, og illsinte regndråpar tvingar seg ned mellom kragen, arbeidar larsnesingane og gurskingane som maurar. Tribunane, kioskane og alle skilta skal på plass til onsdag.
– Du ser no kva som skjer her no. Det er dugnad over alt. Her er eit fantastisk samhald, seier lokalpatriot Odd Kåre Wiik.
– Cupen er fantastisk
Larsnes/Gursken spelar i tredjedivisjon, og møter andrelaga til meir kjende lag som Aalesund og Hødd i serien. Første kamp, mot Sunndal, enda uavgjort 1–1. I serien møter dei lag som Elnesvågen, Surnadal, Volda og Spjelkavik. No skal det bli stort å møte laget som både har to cupmeisterskap bak seg, og som toppar eliteserien.
– Det er heilt fantastisk at den norske cupen er organisert slik at vi kan få eliteserielag hit til Larsnes/Gursken, seier Wiik.
– Dette er kremen
Dei vi møter smiler når vi spør om dei sportslege målsetjingane ved kampen og cupen. Dei drøymer om at det kan kome heile 1000 tilskodarar. Noko slikt har aldri før hendt på stadion, med det store namnet River Plate.
– Eg har no ikkje akkurat ambisjonar om å kome til Ullevål. Det er nok fjernt. Men ein slik kamp er kremen av det å halde på med fotball, seier trenar Per Rune Tødenes.
– Vi skal lage fest
Spelar på Larsnes/Gursken, Anders Vaagen, fokuserer også mykje på den store festen det kan bli onsdag kveld.
– Vi skal gjere dette til ein stor fest. Her kan det kome 1000 menneske for å sjå. Så mange har det aldri vore her før, seier ein opprømt Anders Vaagen.