Det var i kampen mellom Köln og Ausgburg laurdag det skjedde.
Kölns Anthony Modeste tok eit straffespark – og sklei og bomma. Ballen gjekk inn til keeper som redda lett.
Årsaka var eit hol i bana like ved straffemerket.
Det holet hadde Augsburgs-keeper Marwin Hitz laga. Han gjekk fram til straffemerket og sparka opp torva rundt de. Alt for å gjere jobben vanskeleg for straffeskyttaren. Og lykkast.
– Det er ingen skam å gjere slikt i kampens hete, sa han nokså arrogant rett etterpå.
No har Hitz fått rekning for øydelegginga: Ein kvadratmeter torv med gras, to arbeidstimar med fagfolk, pluss moms. Totalt 122,92 euro – eller 1160,36 kroner etter dagens kurs.
– Litt straff gjer ikkje vondt. Pengane skal vi gi til Barnas Hospital, sa Kölns økonomiansvarlege Hans Rütten.
Og Hitz er ein angrande syndar.
– Nei, det var ikkje det mest sportslege eg har gjort, sa han. – Eg gjer det ikkje ein gong til.
– Men eg har aldri redda straffe før, så eg ville auke sjansane litt. – Dessutan meinte eg at det ikkje var straffe, la han til.
Episoden skjedde på stillinga 0-0, men Augsburg vann 1-0 til slutt.